JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ein ekskonge slår tilbake

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Edvard 8., seinare hertug av Windsor, og mor hans, dronning Mary, då dei kom til Whitehall i London 11. november 1936, ein månad før han abdiserte.

Foto: AP / NTB

3194
20210709
3194
20210709

Året 1936 var eit svart år for det engelske kongehuset, eit annus horribilis, for å låne ei formulering frå dagens engelske monark, den hardt prøvde Elizabeth 2.

I januar døydde kongen, Georg 5. Sonen Edvard vart utropt til ny konge, Edvard 8. Han hadde i fleire år hatt eit kjent forhold til Wallis Simpson, ei amerikansk kvinne som hadde vore gift to gonger før. No ville han legalisere forholdet og gjere henne til engelsk dronning.

Den engelske kongen var overhovud for den engelske kyrkja, som sterkt motsette seg eit slikt giftarmål. Det same gjorde det konservative partiet. Etter eit heitt år i engelsk politikk rådde statsminister Baldwin kongen til å abdisere, som han gjorde 11. desember. Han var konge eit kort år.

Men konflikten handla om meir enn ekteskap og dronningval. Edvard hadde lenge vist interesse for og sympati med nasjonalsosialismen i Tyskland. Det sette ein støkk i regjeringa. Ekstremhøgre var på frammarsj i Europa, som ekstremvenstre var det, Hitler var på plass i Tyskland, som Mussolini i Italia, medan Franco var på veg mot makta i Spania. Og i Sovjet regjerte Stalin. Ingen kunne kjenne seg trygg. Regjeringa var nervøs. Ein nazisympatisør i Buckingham Palace var urovekkjande.

Som kronprins hadde Edvard nær kontakt med Osvald Mosley, den engelske nazileiaren.

Etter abdikasjonen reiste han til utlandet. Då krigen braut ut, kom han heim. Han heldt ved like dei europeiske kontaktane sine, til irritasjon for regjeringa. I juli 1940 greip statsministeren, Winston Churchill, inn og sende han til Bahamas som utnemnd guvernør. Han var landsforvist og borte, ute av biletet.

Det var han ikkje.

Frå Bahamas dyrka han konktaktar i USA, gjennom klubbar og ulike selskap.

Krigen gjekk lenge dårleg for England, og eit prioritert mål for Churchill var å få USA inn som alliert med England for å vinne krigen. Han etablerte eit sterkt forhold til Roosevelt, og alliansen kom omsider i stand.

For guvernør Edvard på Bahamas var det eit prioritert mål å halde USA borte frå ein slik allianse, frå den europeiske krigen. Han arbeidde for dette målet gjennom dei amerikanske kontaktane sine, så sterkt at det vart kjent både i engelske og amerikanske politiske miljø.

Overvakingstenestene i både USA og England følgde nøye med på kva Edvard dreiv med, ekskongen var under stendig oppsikt frå begge sider. Roosevelt og Churchill fekk jamleg rapportar om framferda hans.

Etter krigen vart det kjent at Hitler hadde planar om å setje Edvard på den engelske trona igjen når han endeleg hadde lagt den gjenstridige øya under seg.

Edvard, hertugen av Windsor, som han vart utnemnd til, flytta til Frankrike etter krigen, der han døydde i 1972, uforsona med det engelske kongehuset og det engelske folket.

I det siste har BBC laga fleire fjernsynsseriar om det engelske kongehuset, huset Windsor, som dei vart heitande.

I desse seriane er Edvard 8., konge frå januar 1936 til desember same året, alltid med, som ei vond ånd i historia, som sette heile kongehusets eksistens i fare.

Som skandale ruvar Edvards kongetid mektig i engelsk historie.

Dagens kongelege skandalar, med sine anni horribili, er nok berre smårusk i samanlikning.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Øyvind Pharo

Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Jordbruksavtalen

No får det jammen meg vere nok. 

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis