Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Kongelege giftarmål

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dronning Elizabeth II vert ynskt velkomen av den svenske prinsessa Sibylla 9. juni 1956, mor til kong Carl Gustav.

Foto: AP / NTB

4561
20210611
4561
20210611

Ein konge må ha ei dronning. Ho må skaffast. Og så må ho skaffe kongelege søner. Lenge var dette europeisk storpolitikk.

Kronprins Oskar, son til Karl Johan, drog i 1822 frå Stockholm med ein stor delegasjon med sju adelsmenn. Dei skulle på dronningjakt. Fire hoff var utpeika som jaktmarker. Økonomien i kvart hoff var kontrollert. Brura, den komande dronninga, burde ha god medgift, pengar med seg.

Prinsessa i København fall igjennom. Ho var «långt ifrån vacker», og uelegant. Det gjekk betre i Eichstätt, der den rikaste kandidaten budde. Far til Joséphine, som prinsessa heitte, var god for 40 millionar franc, og ho kunne kome til å arve minst tre millionar av desse.

Ho var femten år, og dei to vart forelska. Avtale vart gjord. Ektesenga fekk vente til ho var 18 år, og ho måtte få ha den katolske trua si. Det var rett nok i strid med svensk lov. Ho fekk også med seg ein katolsk skriftefar, og ho fekk sitt eige katolske kapell i slottet. I 1862 vart skriftefaren hennar den første katolske biskopen i Sverige etter reformasjonen.

Ho knytte det unge svenske kongehuset til det europeiske kongenettet, noko kong Karl Johan la stor vekt på. På toppen av alt gjekk det familierøter heilt tilbake til Gustav Vasa.

Naturen gjekk sin gang, og snart etter fylte 18 år vart ho gravid. Prinsen, den seinare kong Karl, kom 3. mai 1826. Det kom tre prinsar og ei prinsesse til. I tillegg var kronprinsen oppteken med elskarinna si, som bernadottane gjerne var.

Så vart det Karls tur til å skaffe dronning. Valet fall på Haag og Nederland. Kabinettsekretæren vart send for å sjå på kandidaten. Ho var storvaksen og kraftig «utan å vere uvanleg feit, av god helse og med vakker hud». Mykje anna positivt vart lista opp i rapporten.

På toppen av alt nedstamma ho frå både Gustav Vasa og Olof Skötkonung. Sa svenske historikarar.

Men no handla det om pengar. Kongefamilien i Nederland var svært rik. Karl ville vere raus og lét dei bestemme medgifta. Nederland er ein gammal kjøpmannsstat, og medgifta vart «berre 100.000 florinar», som dei i tillegg ville ha 4 prosent rente av. I tillegg skulle Louise, som prinsessa heitte, ha ein årleg «nålpenning», kva no det er, på 18.000 svenske riksdalar frå den svenske staten.

Lovise, som vart det svenske namnet, blir av historikaren Herman Lindqvist kalla den mest ulykkeleg av dei svenske dronningane. Son hennar døydde, og sjølv fekk ho ikkje fleire born. Og ho opplevde «upprepade nervanfall i förening med allmän svaghet».

Eit lite hundreår seinare var det dåverande arveprins Gustav Adolf som skulle ha ei framtidig dronning. Valet fall på Sibylle Calma Marie Alice Bathildis av Sachsen-Coburg-Gotha. Året var 1932. Hitler var i framgang, spesielt i dette vesle fyrstedømmet. I 1932 vart han heidersborgar i Coburg, hans første heider av det slaget. Nokre år seinare kunne Coburg melde at dei var den første byen i Tyskland som var «judenfrei», alle jødane var borte. I kommunevalet tre år før hadde nazistane fått reint fleirtal i Coburg. Borgarmeisteren var formann i det lokale nazipartiet. Og borgarmeisteren var hertug Karl Edvard av Sachsen-Coburg-Gotha, fødd som engelsk prins og barnebarn av dronning Victoria. Og altså komande svigerfar til den svenske arveprinsen.

Han tok parti for Tyskland i første verdskrigen og miste alle rettar og arv han hadde i England. Då Tyskland braut saman etter krigen, miste han hertugdømmet sitt, men fekk ha tittelen. Han var revansjist og ville atterreise Tysklands ære. Han var med og skipa Stalhelm, det høgreradikale, antisemittiske frikorpset. Han vart sjølv ein slik stålhjelm. I Berlin var han og dei andre stålhjelmane med på ein kraftig demonstrasjon mot Weimarrepublikken og demokratiet. Sibylla og kjærasten, den svenske arveprinsen, var i publikum. Eit lite år seinare vaia hakekorset over slottet hans, som det gjorde heilt til slutt.

Til bryllaupet bad det svenske hoffet om få militæruniformer og helst ingen nazisymbol. Ingen konge eller dronning var til stades. Det var etter etiketten, brudgommen var berre arveprins. At svenskekongen, Gustav V, ikkje kom fordi han skulle på jakt, vart sett på som ein demonstrasjon. Frå Noreg møtte kronprinsparet, Märtha og Olav. Folke Bernadotte var der.

Arveprinsen vart aldri konge. Han vart drepen i ei flyulukke etter krigen. Sibylla vart enkje med fire born, aldri dronning. Einaste son hennar, den yngste i flokken, sit i dag på den svenske trona.

Det svenske kongehuset har vore langt meir politisk aktivt enn det norske, også når sønene skulle finne seg dronning.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis