Pontius Pilatus
Pilatus i evangelia er ein feig kujon med elendig ettermæle.
Pontius Pilatus vaskar hendene sine. Utsnitt frå målarstykke av George Hinke (1883–1953).
Pontius Pilatus har ei sentral rolle i hendingane i påskeforteljinga i evangelia. Som den øvste politiske leiaren for den romerske okkupanten var det han som sa den endelege dommen som førte Jesus til Golgata.
Pilatus i evangelia er ein feig kujon med elendig ettermæle. Han fann inga skuld hos Jesus og ville difor frikjenne han. Det våga han ikkje, fordi presset frå prestane og folkehopen var for sterkt. Kona hans åtvara han mot å dømme Jesus.
Så dømde han til døden ein mann han meinte var uskuldig.
Ettertida har bygt denne feigingen frå evangelia inn i språket, i levande uttrykk. Å vaske hendene offentleg for å prøve å lure frå seg ansvar, slik Pilatus gjer hos Matteus, er ærelaus ferd. Å bøye unna for å vere ven med keisaren, slik han gjer hos Johannes, er også skammeleg. Å bli send frå Pontius til Pilatus er fruktlaus vandring.
Om pilatusbiletet i evangelia er ille, er ikkje biletet av embetsmannen Pilatus i den romerske historia noko betre. Noko av det første han gjorde som ny i embetet som guvernør i Judea, var å krenkje dei religiøse kjenslene til jødane ved ikkje å respektere heilagdomane deira. Det førte til uro og blodspille.
Han vart avsett for vanstyre og brutalitet, velgrunna seier leksikonet, og send tilbake til Roma.
Så er Pontius Pilatus ute av soga. Men ikkje av folketrua. Der vandra han inn.
Personane i evangelia kom til å få eit frodig liv i folkefantasien. Dei korte forteljingane vart supplerte og utvida.
Så også forteljinga om Pilatus. Hans gjerningar var så vonde at liket hans ikkje fekk fred i grava. Den døde kroppen hans skapte så mykje uro at han vart flytta fleire gonger, før han fall til ro ved Luzern, ved det fjellet som i dag heiter Pilatus. Ein annan tradisjon lét han få falle til ro i innsjøen Lago di Pilato.
Det vart dikta friskt rundt evangelia, også rundt Pilatus. Mors Pilati, Pilatus’ død, fortel ei kompleks historie der keisaren i Roma er sjuk. Han sender folk til Judea for å få hjelp frå Jesus, som då er død. Det er ukjent for keisaren. Pilatus teier om det og bed keisaren vente litt. Løgna hans blir oppdaga, og han blir avretta på bestialsk vis.
I latinsk tradisjon, i vestlege kyrkjer, var Pilatus den brutale feigingen frå den første påsken. I austleg tradisjon fekk Pilatus og kona hans, som fekk namnet Procula, ein annan lagnad.
Den koptisk-ortodokse kyrkja i Egypt gjorde Pontius Pilatus til helgen. I deira tradisjon omvende Pilatus seg i løynd ei tid etter Jesu krossfesting. Det var kona, Procula, som påverka han. Den etiopisk-ortodokse kyrkja gjorde Pilatus til helgen på 500-talet. Det same gjorde dei med Procula, fordi ho hadde prøvt å stanse krossfestinga ved å fortelje om den underlege draumen sin.
I den austleg-ortodokse kyrkja blir Procula feira som helgen, fordi ho bad Pilatus om å berge Jesus. Pilatus sjølv er ikkje helgen der. I andre tradisjonar gjer Pilatus sjølvmord i anger og sorg over det han har gjort.
Pontius Pilatus, landshovding i den fjerne romerske provinsen Judea, fekk eit ærelaust ettermæle i romersk historie, avsett og avretta. I vestlege kyrkjer var han den brutale og feige bøddelen frå Golgata. Austlege kyrkjer, europeiske, koptiske, egyptiske og etiopiske, hadde medkjensle og forståing for ein mann som dei meinte var under styring av høgare makter som styrte Jesu veg til Golgata.
Slik vart då Pilatus, feigingen frå evangelia i vår kyrkje og andre vestlege kyrkjer, atterreist som helgen i andre kyrkjer som gav han ein annan dom og eit anna ettermæle.
I dag, i vår sekulære verd, er dette underleg lesnad. Men han fortel kor viktig og tankeformande religionen var ein gong.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida