JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Vegen til dagens Finland

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilete frå borgarkrigen i Finland i 1918.

Foto: Ukjend / NTB

3678
20210702
3678
20210702

Aviser med lang historie blar gjerne tilbake i historia si for å gje lesarane korte glimt frå den lange fortida.

Dagens Næringsliv, tidlegare Norges Handels og Sjøfartstidende, har ei fast spalte der dei hentar fram meldingar som er hundre år gamle. 10. juni i år har dei ei melding som fortel om politisk uro i Finland for hundre år sidan.

Oktoberrevolusjonen i Russland skapte politisk uro i Europa, også i Finland.

10. juni 1921 kunne Sjøfarten, som avisa vart kalla, fortelje frå Stockholm at politiet har funne papir «hos de for landsforræderi arresterte kommunister» som fortel «at meningen var at faa istand bolsjevikoprør i Finland, Nord-Sverige og Nord-Norge samtidig». Og «der ventes nye avsløringer, da som bekjendt en mængde røde finner opholder seg i Nord-Sverige efter det mislykkede oprør i Finland».

Og vi, i 2021, får ein glytt inn i Finlands vonde og dramatiske historie. Av dei nordiske landa har Finland den tyngste og blodigaste historia, med fleire okkupasjonar og ein rå og brutal borgarkrig.

Historia har i moderne tid plassert Finland mellom to rivaliserande stormakter, i vest eit Sverige på nedtur og i aust eit Russland på opptur.

Å liggje mellom rivaliserande stormakter er ein tung lagnad. Polakkane veit noko om det.

Kjernelandet i den svenske stormakta var Midt-Sverige og Finland. Dei svenske armeane som marsjerte gjennom Europa i stormaktstida, var fulle av finnar.

Nord-Sverige var sameland og utmark, og det meste av dagens Sør-Sverige var dansk. Skåne, Halland og Blekinge vart svensk først i 1658.

Napoleonskrigane kom til å endre finsk historie, som dei endra den norske. Svenskekongen, som var finsk konge, kom på feil side i krigen, som den dansk-norske kongen også gjorde det. Dei vart begge straffa av vinnarane.

Noreg vart svensk, Finland vart russisk – eit russisk storfyrstedømme.

Det russiske styret i Finland var eit hardstyre. Den russiske revolusjonen endra på dette. I desember 1917 erklærte Landdagen, den finske nasjonalforsamlinga, at Finland var ein sjølvstendig stat. Før året var ute, var sjølvstyret godkjent av den nye sovjetregjeringa.

I det sjølvstendige Finland braut det ut politisk uro og kamp om den politiske makta. Regjeringa, under feltmarskalk Mannerheim, flykta frå Helsingfors til Vasa, medan sosialistane skipa regjering i Helsingfors. Borgarkrigen braut ut. Han vart lang og brutal og skapte sår som seint ville gro. Dei raude tapte krigen. 8000 raude vart avretta, etter det leksikonet kallar meir eller mindre vilkårlege krigsrettsdommar, medan 10.000 døydde i fangeleirane. Fleire tusen fekk lange fengselsstraffer.

Ved utbrotet av den andre verdskrigen valde Finland å vere nøytral. Tyskland og Sovjetunionen gjorde ei ikkje-åtakspakt seg imellom som endra krigen. Sovjet stilte strie krav til Finland om grenseendringar for blant anna å tryggje Leningrad, som låg nær finskegrensa. Krava vart avviste, og vinterkrigen braut ut. Finnane tapte krigen, og Stalin sette inn ei ny regjering i Finland, leia av kommunisten Otto Kuusinen.

Krigen vart etter kvart komplisert for Finland. Landet vart atter klemt mellom stormakter. Sovjetunionen var Finlands fiende, som han var Tysklands fiende. Finland kom då på Tysklands side i krigen. Hitler vitja Mannerheim ved fronten i Finland. Samtidig var Sovjetunionen alliert med vestmaktene, mot Hitler. Churchill bad instendig Mannerheim om å bremse framrykkinga inn i Sovjet. Det vart avvist, og 6. desember 1941 erklærte Storbritannia krig mot Finland.

Dagens Finland er ein velståande demokratisk stat med ømme historiske sår å bere med seg.

Vegen fram til dagens Finland har vore komplisert, blodig og lang.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Øyvind Pharo

Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Jordbruksavtalen

No får det jammen meg vere nok. 

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis