JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Chevre med oske

Frå oska vert det fødd eit nytt lys for geitene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med hjarte for geita: No må vi ikkje lenger til Frankrike for å få tak i slike godbitar.

Foto: Wikemedia Commons

3981
20210716
3981
20210716

I dag skal denne spalta gjere noko ho sjeldan gjer: Ho skal ikkje stille eit einaste kritisk spørsmål, men utelukkande kome med skryt. Skrytet vert endå meir eksklusivt ved at verksemda på mottakarsida er mjølkesamvirket Tine, og at årsaka er handteringa deira av norsk geitemjølk.   

For denne spalta har slett ikkje alltid vore nådig om korleis produkta geitemjølkbønder leverer, har vorte tekne vare på hjå Tine. Mange år med overproduksjon har vorte handtert med kvotenedkorting, eksport til dumpingprisar og lite – ja, nærast fråverande – satsing på nye produkt.

Kritikk som har vore på sin plass, altså, men som når han vert møtt med tiltak, må følgast opp med like mange lovord. Difor vier vi denne veka heile spalteplassen til Tines nye geitost, chevre med oske.

Ja, for denne osten er ikkje berre eit nytt geitemjølkprodukt – han er noko så sjeldan som ei reell nyvinning i produktporteføljen til Tine. Noko meir enn ei relansering av eit eksisterande produkt i ny smak. For sjølv om Tine alt produserer chevre som ferskost, kvitmuggost og smaksett med ramslauk, representerer oskesatsinga deira noko nytt – i ein stolt, gamal tradisjon.

Fyrst to ord om chevre: Ordet er fransk for geit og er i prinsippet ei samlenemning på all geitost. Det er likevel vanlegast å nytte ordet om relativt mjuke og temmeleg små ostar. Dei kan vere ferske eller modna med kvitmugg – eller, som i dette høvet, oske.

Oskepott var rein

Grin du på nasen av tanken på oske i maten din? Då kan eg fyrst roe deg med at oska berre er i skorpa på osten og ikkje inni, så du kan skjere ho vekk om du vil. Det er det likevel ingen rasjonell grunn til.

At oske har vorte brukt til osteproduksjon om lag like lenge som vi har laga ost, er i grunnen heilt naturleg: Ost har tradisjonelt vore laga med vedfyring, slik at råvara er lett tilgjengeleg. Fersk ostemasse – såkalla koagel – er sårbar: Same kor mange gode bakteriar og soppar massen inneheld, er overflata i starten våt og mjuk og særs attraktiv for fluger og andre insekt og skadedyr. Å drysse finmalen oske over den nylaga osten hindrar så vel skadedyr som uønskt muggsopp i å slå seg ned der. Hardare pressa ostar med stivare koagel kan vaskast med til dømes saltvatn for å oppnå same effekt, men geitekoagelet er for skjørt for slik handsaming.

I tillegg er oska rein – berre tenk på temperaturen ho har vore gjennom for å kome frå ved til oske. Oska som vert nytta i moderne osteproduksjon, kjem heller ikkje rett frå grua, men er spesiallaga til formålet – ofte frå brende vinranker. Nokre produsentar nyttar òg aktivt kol, som har endå mindre partiklar – ekstra gode på å absorbere fukt og gjere overflata tørr og fin før modning.

Oske er òg basisk – det har høg pH. Geitemjølkost har låg pH, så låg at kvitmuggsoppane som skal verne overflata på sikt, kan ha vanskar med å byrje å vekse. Når ein tilfører oske, stig pH-en i overflata, og mjølkesoppen kjem springande til.

Ei god gjerning

Så. Kva med smaken? Tines chevre med oske er ganske hard, tørr og salt, med ein tydeleg, men ikkje påtrengande smak av modna geitemjølk. Eg synest han er god, skikkeleg god, faktisk, men du må sjølvsagt smake sjølv. Prøv han med nyrørte bær, plommer eller sommarens fyrste honning – og med eitt har du ikkje berre gjeve deg sjølv ei ny smaksoppleving, du har òg gjort ei god gjerning, ikkje berre for geitene og geitebøndene, men for heile den norske naturen.

For framleis spring om lag 36.000 mjølkegeiter kring på bøar, i skog og på fjell på nettopp denne tida. Ja, for beite er framleis hovudregelen i norsk geitenæring. Og det er det som gjer ho så viktig: Ingen nyttar norsk bratt, kald, våt og steinete natur slik geita gjer. Fuglen føniks døydde og gjenoppstod frå oska. Norske mjølkegeiter lever og må leve vidare – i stadig nye produkt, og Tines chevre med oske er eit godt steg på vegen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Oske har vorte brukt til osteproduksjon om lag like lenge som vi har laga ost.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

Samfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.

Foto: Altaf Qadri / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Rune Slagstad

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis