JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

18924
20240927
18924
20240927

Jussen er vår første samfunnsvitskap. Den kom før bølgja av nye samfunnsvitskapar etter 1945. Dei voks alle ut av jussen. Sosialøkonomien er eit kapittel for seg, med ei lengre også norsk historie enn dei andre samfunnsvitskapane.

I

Det nye professoratet «Lovkyndighed, Statsøkonomi og Statistik», som Schweigaard fekk i 1840 ved grev Wedels mellomkomst og heldt til han døydde i 1870, var utforma ved ei skriftleg fråsegn frå Juridisk fakultet, forfatta av Schweigaard sjølv. I eit seinare regime var det gjerne «nokon som snakka saman». Schweigaard trong berre snakke med seg sjølv.

Schweigaard gav professoratet ei programmatisk tilspissing i nasjonal, styringsvitskapleg retning og la grunnen for ein ny, nytteorientert måte å tenkje om jus, politikk og samfunnsstyring på: ein vitskapleg styringsideologi som kom til å prege det norske systemet gjennom generasjonar, med kulminasjonen med sosialøkonomen Ragnar Frisch og elevane hans etter 1945. Sosialøkonomane vart ein rival til juristane, om mogleg endå meir sjølvmedvitne, samstundes som jussen og økonomien til dels vart fusjonerte i ein ny styringsideologi.

Statsvitskapen vart etablert med juristen Frede Castberg og historikaren Jens Arup Seip som fødselshjelparar. I dag er norsk statsvitskap noko særeige i internasjonal samanheng ved å ha kutta banda til jus og til dels også historie. Norsk sosiologi vart i dei grunnleggjande åra utforma av juristen Vilhelm Aubert, som gjekk over til sosiologien. Etter Aubert mista sosiologien langt på veg tilknytinga til jussen.

I boka Det norske samfunn (1. utgåve i 1968, 8. utgåve i 2022), som er svaret til sosiologane på juristane sitt kontinuerleg reviderte verk Knophs Oversikt over Norges rett (1. utgåve i 1934, 16. utgåve i 2024), er heller ikkje der spora av jus overveldande. I dei første utgåvene av Det norske samfunn eksisterte rettsvesenet, men ikkje ved juristen Aubert, men ved kriminologen Nils Christie.

Christies syn på juristane var, som kjent, at dei var «profesjonelle tyver»: «De stjeler konfliktene fra folk under henvisning til at de har en løsning på dem.» Etter 1975 vart rettsinstitusjonane sporlaust borte frå Det norske samfunn, med ein kriminologisk amputert tilbakekomst i 2016.

Dei to norske maktutgreiingane illustrerer det same. Den første, på 1970-talet, var leidd av sosiologen Gudmund Hernes og statsvitaren Johan P. Olsen, men utan juristar. Den andre, omkring år 2000, leidd av statsvitaren Øyvind Østerud, var sett saman av statsvitarar og sosiologar, no med ei fagleg utviding – ein postmoderne kunsthistorikar. Trass i fråværet av jus og ein høgst mangelfull analyse gjekk ho ikkje av vegen for å ende med bastante konklusjonar om forvitringa til demokratiet som følgje av ei ekspanderande rettsleggjering.

Tesen om rettsleggjering fekk hard rettsvitskapleg medfart blant anna i boka Makt og rett (2005). Der hadde Morten Kinander samla ei gruppe yngre juristar med ei for norsk rettsvitskap uvanleg sterk interesse for prinsipielle, rettsteoretiske perspektiv. I 2016-utgåva av Det norske samfunn avfeia ein av maktutgreiarane kritikken frå juristane en passant med ein psykologiserande merknad: Rettsleggjeringstesen «vakte sterke reaksjoner hos en del jurister» i diverse «opphetede innlegg».

Gudmund Hernes, derimot, hadde innsett si avgrensing og avrunda i 1978 maktutgreiinga med å vise til trongen for ein historisk-juridisk, konstitusjonell analyse: «Fra 30-årene av har vi hatt konstitusjonelle endringer – endringer i grunnprinsippene som det norske politiske system fungerer etter – uten en konstitusjonell debatt.»

«Demokratiprosjektet» (1979–1983), som filosofen Jon Elster leidde, var eit svar på utfordringa til Hernes. Mi doktoravhandling Rett og politikk – et liberalt tema med variasjoner, som er del III i Rettens ironi, vart utforma innanfor dette prosjektet.

II

Eg delte kontor med Francis Sejersted, som òg var med i prosjektet. Sejersted skreiv på den tida etterkrigsbindet av Høyres historie, medan eg var nestleiar i SV på si og skreiv Sosialisme på norsk. Sejersted og eg var til gjensidig forundring samde om det meste, bortsett frå den eine bagatellen at Sejersted røysta Høgre og eg SV.

Den analytisk skarpsindige Jon Elster var sjølvsagt sentral, det skulle berre mangle; han skreiv på den tida eit av sine mange hovudverk: Making Sense of Marx (1985). Men den sentrale blant dei sentrale var, ser eg no i etterpåklokskapens lys: Jens Arup Seip. Utan Seip, ingen Sejersted.

Det var Seip som sette det heile i gang tidleg på 1960-talet. Seip var avgjerande for den nye vendinga mot historie, jus og politikk. Seip sameina som politisk idéhistorikar det nitide, kjeldenære studiet med formulering av skarpe tesar utan ull, med eit historisk utsyn og ein elegant, lett siterbar prosa. Han elska den polemiske snerten (bergensar!).

Seip danna skule, også i den politiske journalistikken. I Dagbladet, som frå 1960-talet var nasjonens intellektuelt-politiske sentrum, var Seip husguden. Sjefredaktør Arve Solstad, ein statsvitar av den sorten det ikkje lenger finst nokon av, var fullblods seipianar, ja, meir Seip enn Seip sjølv i sine tilbakevendande oppgjer med «Det juridiske felttog mot den frie ytring». Det var først då Gudleiv Forr på slutten av 1980-talet vart den politisk styrande handa i avisa, at Dagbladet kom i rettsliberal balanse.

Seip innleidde med det legendariske føredraget «Fra embedsmannsstat til ettpartistat» i Det norske Studentersamfund i 1963, etterfølgt av studien om «Høyesterett som politisk organ» to år seinare. «I hvilken grad har den norske høyesterett vært et politisk organ?», spurde Seip: «Jeg vil tro i ekstrem grad. Det er rimelig å se det slik at høyesterett i Norge har vært mer enn alminnelig sterkt politisk orientert.» Han oppsummerte synspunktet sitt i ein metafor: Høgsterett var «en vippende båt i statsskipets kjølvann».

Eit kjernepunkt i Seips analyse var prøvingsretten til domstolane; det at Stortingets vedtak kan prøvast mot føresegnene i Grunnlova. Prøvingsretten var, med Seips formulering, «en kjepp med vilje kastet inn i demokratiets hjul, en siste handling, bak stortingets rygg, av en detronisert embedsstand». Prøvingsretten var eit arrangement gripe til av grupper som på 1880-talet såg si eiga makt forsvinne. I dette historiske faktumet hadde Seip rett.

Men han tok feil i to andre spørsmål: spørsmålet om «når» og om legitimiteten til prøvingsretten. Årstal er viktige for historikarar, men dei kan òg vere forførande. Seip hevda at ordninga var etablert av professor T.H. Aschehoug i bind tre av statsretten hans, som kom ut i 1885, året etter innføringa av parlamentarismen: «Mens riksretten satt sammen utpønsket han (Aschehoug) denne siste garanti med høyesterett som oppmann mellom regjering og storting.»

Tilsvaret frå juristen Johs. Andenæs førte til ein skarp kontrovers om jus og politikk mellom dei to professorane. Andenæs stilte spørsmål ved Seips teori om at prøvingsretten var eit svar på gjennombrotet til parlamentarismen, men utan at han eigenleg kunne underbyggje kritikken sin historisk. Poenget hans var at Seip mangla forståing for Høgsteretts institusjonelle eigenart. Seip hadde ikkje, hevda Andenæs, forstått den institusjonelle skilnaden mellom eit politisk organ med rettslege verknader og eit rettsleg organ med politiske verknader.

Sjølv hadde eg mine tvil om 1884 var eit nøkkelår. I handskriftsamlinga til Universitetsbiblioteket fann eg tidleg på 1980-talet ei usortert kasse frå Vestfold med diverse rettshistorisk materiale, mellom anna førelesingsreferat frå Aschehougs førelesingar i rettsfilosofi 1862–63. Her introduserte Aschehoug prøvingsretten meir enn tjue år før 1884.

Legitimiteten til prøvingsretten vart i desse førelesingane grunngjeven liberalt som vern av individets rettar. Konklusjonen min i doktoravhandlinga var at Seip med si Aschehoug-formulering hadde levert eit eksemplarisk døme på konspirasjonsteoretisk forklaring av eit historisk ikkje-fenomen.

Seip anerkjende funnet mitt i sin opposisjon ex auditorio. Og Andenæs kunne gni det inn i sitt etterfølgjande innlegg ex auditorio: «For en gangs skyld slipper vi å diskutere konkurrerende hypoteser (…) Det er nesten som om det skulle lykkes for en Himalaya-ekspedisjon å fange den meget omskrevne ‘avskyelige snemann’ og bringe ham hjem til alminnelig beskuelse.»

Rettsstatskontroversen mellom Seip og Sejersted på 1970-talet galdt synet på embetsmannsstaten. Den kom ifølgje Seip av «en eiendommelig maktstruktur» som fall utanfor «vest-europeiske forfatningstyper». Embetsmannsstaten kunne derimot ifølgje Sejersted sjåast som eit institusjonalisert uttrykk for det liberal-europeiske idealet om rettsstaten.

Kontroversen var òg ein strid om tolking av ein epoke; om kva omgrep han skulle tolkast med. Det var ikkje heilt lett å avgjere kven som hadde rett, som Elster sa: «Er glasset halvfullt, eller halvtomt?» Seip–Sejersted-kontroversen førte uansett til debatt om politikkens grunnleggjande, normativt-konstitusjonelle tema og resulterte i ei revurdering av ulike delar av nyare norsk historie.

III

Eg er ein sosiologiserande idéhistorikar, ein «skapjurist», som har bevega meg inn i den tradisjonelt todelte verda til juristane: jurist/ikkje-jurist. Mitt kart over norsk rettstenking har tre retningar: utilitarismen, rettsliberalismen og den forsømde «sedeligheten».

Utilitarismen: Det var Schweigaard som på 1830-talet introduserte nyttetenkinga i norsk samanheng. Det var nyttetenking – også kalla utilitarisme – som låg til grunn for Schweigaards rettslære: Når ein skal utforme ei lov, må ein vurdere alle «concurrerende, stridende eller forenende Interesser», og velje den lovformelen som gjev flest «Atomer af Nytte».

Seip var den hegemoniske fortolkaren av Schweigaards ideologi, utdjupa i Utsikt over Norges historie, bind 1 (1974). For Seip representerte Schweigaard ei ekstrem nyttetenking. Seip kommenterte elles på sitt vis førsteutkastet til Schweigaard-kapittelet i avhandlinga mi: «Svært interessant, men du tek heilt feil!» Vi vart verande usamde om Schweigaard.

Schweigaards nyttetenking vart vidareført av Fredrik Stang d.y. (1867–1941). Rettsordenen skulle ifølgje Høgres professorpolitikar «så vidt mulig sikre at den enkeltes økonomiske virksomhet» sette seg «et samfundsnyttig mål». Denne nyttetenkinga vart pregande også for Venstre-juristane i mellomkrigstida: Paal Berg, Ragnar Knoph og Wilhelm Thagaard: samfunnsreform via lovregulering, som også vart styringsideologien til arbeidarpartistaten, med Torstein Eckhoff som den mest framståande juridiske ideologen.

Eg lèt den utilitaristiske lina kulminere med Jon Elster. Mens Schweigaard lukka jussen mot filosofien, opna han for økonomien og statistikken og erstatta prinsippa i rettsfilosofien med statistisk-økonomiske nyttekalkylar, har Elster med utilitarismen i sin nyaste skapnad – teorien om rasjonelle val og teorien om spelteori som omdreiingspunkt – opna så vel økonomien som jussen for filosofiens normative dimensjonar.

Siste gong eg trefte Jens Arup Seip, var på flyet frå Fornebu til Bergen våren 1992, nokre månader før han døydde. Tilfellet ville at vi vart sitjande ved sida av kvarandre. Eg skulle sjå til min gamle far, medan Seip skulle vitje sin gamle student, historieprofessor Knut Mykland, og ta farvel med gamle gater og smau.

Seip hadde ikkje sett seg før han byrja på karakteristisk vis: «Har du lese Jon Elsters Logic and Society? Vår felles ven Jon skjønar seg ikkje i det heile på historie.» Elster var vel eigenleg det næraste eg hadde noko som kunne minne om ein rettleiar på doktoravhandlinga mi.

Rettsliberalismen: Jakta mi på det rettsliberale var, som Morten Kinander peika på for nokre år sidan, «i norsk juridisk og rettsvitenskapelig tradisjon en jakt på nåla i høystakken». Kinanders poeng var at den utilitaristiske rettsrealismen har vore ein gjennomgåande og i periodar ganske dominerande posisjon i norsk rettsliv.

Det er også mitt poeng, men med den vesentlege tilføyinga at ei rettsliberal orientering tidvis har vore ein reelt eksisterande, underkommunisert motstraum. Begge desse to orienteringane, med litt ulike aksentar, høyrer med i det historiske biletet av norsk rettstenking: Spenninga mellom ein meir eller mindre utilitaristisk styringsjus og ei meir eller mindre rettsliberal rettsstatstenking har vore gjennomgåande i det norske systemet sidan 1830-talet, om enn med ulik intensitet.

Eg skil mellom det «tynne» og det «tjukke» rettsliberale. Det rettsliberale i «tynn» og «tjukk» forstand viser til to sider av «rettsstaten». Når det gjeld det «tynne» rettsliberale, vert det i norsk rettstenking gjerne snakka om «rettstryggleik» (å vere føreseieleg, upartisk og handsame alle likt) og ikkje om «rettsstat». Tanken om ei avgrensa statsmakt var tradisjonelt grunngjeven i ei naturrettsleg rettstenking. Etter kvart vart denne tanken løyst frå naturretten, positivert, skriven inn i lovbøkene, og forankra i eit omgrep om menneskerettar: eit vern om fridomen til individet. Dette kallar eg det «tjukke» rettsliberale.

Eg sporar den rettsliberale tradisjonen også gjennom arbeidarpartistaten, med Frede Castberg som ein hovudperson, følgd av blant andre Carsten Smith og Torkel Opsahl. Smått om senn nådde den historisk-juridiske rettsstatsdebatten også politikarane. Ideen til ei grunnlovsreform kom i 2009 frå stortingspresident Thorbjørn Jagland (Ap), kort tid før han blei generalsekretær i Europarådet. Framlegget vann fram trass i motstand internt i Arbeidarpartiet, blant anna frå Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg, men med støtte, fascinerande nok, frå den tidlegare LO-leiaren Yngve Hågensen.

I den politiske handsaminga av grunnlovsreforma 2014–2015 vart dei tradisjonelle frontlinene mellom Høgre og Arbeidarpartiet til dels snudde på hovudet. Det var eit noko merkeleg fenomen at det var Ap – som tradisjonelt ikkje har vore særleg konstitusjonelt orientert – som då førte an, og ikkje Sejersteds rettsstatlege Høgre.

Den forsømte «sedeligheten»: Viktig for meg har vore eit tredje perspektiv utover utilitarisme og liberalisme: fellesskapets ordningar som går utover statleg styring og individuelle rettar. Det viser til den politiske tradisjonen frå Aristoteles til Hegel, med mange namn: republikanisme, marxisme, fascisme, kommunisme, sosialisme og no i det siste kommunitarisme, som er i takt med ein viktig understraum i norsk historie. Tema er fellesskapet og tilhøyrsla til moraldannande fellesskap. Det er dette temaet eg slår an i kapittelet om «Den forsømte sedeligheten». Det kunne òg hatt overskrifta «Det uferdige».

Den tyske sosialfilosofen Axel Honneth vil i det store verket Das Recht der Freiheit («Fridomens rett», 2011), med undertittelen «grunnriss av en demokratisk sedelighet», reaktualisere Hegels Rettsfilosofi (1821) for slik å gje den kritiske samtidsanalysen eit nytt teoretisk fundament. Viktig for Honneth er overgangen frå Kant til Hegel, frå moral til «sedelighet», frå individuell moral til samfunnsetikk: til samfunnsinstitusjonane og deira «sedelighet».

I staden for Hegel vil eg lene meg mot «sedeligheten» i det norske systemet. Med det meiner eg dei berande verdiane, den normative infrastrukturen, i dette systemet. Både filosofar og historikarar har hatt problem med heilt å få tak på det normative innslaget i det norske systemet, der verdiane så å seie har vandra inn i institusjonane, som vart tenkjande institusjonar. I Noreg er det institusjonane som tenkjer – og diskuterer – med kvarandre. Teoretikarane har ikkje heilt forstått dette.

Eg vel det litt umoderne omgrepet «sedelighet» av to lokale grunnar. 1) Det har basis i rettstenkinga til dei offentlege entreprenørane Schweigaard og Stang. Dei tenkte samfunnsetisk og institusjonelt, og snakka om «de politiske og retlige Institutioners Fuldkommenhed». Viktigast var å fremje «Sædelighed», det «moralske Fremskridt».

2) «Sedeligheten» har ein indirekte basis i noko som stod sentralt i norsk «opposisjonssosiologi» (Vilhelm Aubert, Yngvar Løchen, Ottar Brox og andre), men utan å verte eksplisitt tematisert. Tilsvarande gjeld den venstresosialistiske historikaren Berge Furres term for arbeidarpartistaten: «den sosialdemokratiske orden». Til grunn låg, ifølgje Furre, «eit vidtgåande verdifellesskap – kring idear om sosial rettferd og utjamning», men det vart hjå Furre berre med ei tilvising til Løchens påpeiking av «forvitringen» av «det moralske fellesskapet». Brox formulerte dette sosiologisk-normative perspektivet meir direkte i boka Ta vare på Norge: «ingen som skriver om samfunnet har så mye annet enn sine egne verdier å ‘måle’ sosiale fenomen med.»

Teologen i meg ville ha føretrekt tre verdiar, sosiologen i meg er svak, men langt sterkare hjå Gudmund Hernes, som nok ville ha føretrekt fire verdiar, som kunne gjeve han ein firefeltstabell. Mitt framlegg via ein historisk rekonstruksjon er fem verdiar i ein spenningsfylt konstellasjon: fridom, effektivitet, likskap, solidaritet og nasjonal tilhøyrsle. Ikkje så estetisk vakkert, men kanskje i samsvar med ein norsk utakt?

IV

Det som er påkravd, er ein gjennomgripande konstitusjonell debatt som går utover jussen, utan å forlate han: ein debatt om samfunnskonstitusjonen i vid forstand. Det vil seie: ei gjennomtenking av dei grunnleggjande institusjonane i det norske samfunnet – anten det er sjukehus, universitet, kyrkje eller bedrift – med deira styrande verdiar, deira institusjonelle eigenart og innbyrdes forhold.

Denne debatten vert tidvis forkludra av stadige ekko av rettsleggjeringstesen frå den siste maktutgreiinga. Ein kan ane ein retur til Seip og embetsmannsstaten hans så snart jussen dukkar opp, no sist hjå Finn Olstad i Hvordan havnet vi her? (2024). Juristane er «førdemokratiske eliter» som søkjer illegitim makt. Men problemet i dag er ikkje at det er for mykje rettsliberal konstitusjonalisme, den er ei veletablert posttotalitær erobring. Juristane evnar å tenkje juridisk; politikarane, derimot, er langt dårlegare til å tenkje politisk.

«Storhetstiden for ‘homo oeconomicus’ er over; det er ‘zoon politikon’ som representerer fremtiden.» Det gjekk ikkje heilt slik Gudmund Hernes hadde førestilt seg i 1978, men parolen er framleis gyldig. Trua på det politiske var lenge ein kjerne i det norske systemet. Det kom av ei innsikt i politikkens eigenart som institusjonelt samfunnsfenomen: Samfunnet har i det politiske eit sentrum, eit identitetsdannande sentrum. Gjenoppdaginga av det politiske er dagens oppdrag.

Rune Slagstad

Rune Slagstad er idéhistorikar, sosiolog og rettsteoretikar.

Dette er ein nedkorta og lett omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad framførte 16. september på seminaret «Jakten på den rettsliberale tradisjon» ved Universitetet i Oslo. Seminaret galdt den nye utgåva av Slagstads bok Rettens ironi. Rettstenkningen i moderne norsk historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

Samfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Verdas matproduksjon i eitt bilete: Det er jo umogleg. Men desse indiske blomkålprodusentane bidreg med sitt.

Foto: Altaf Qadri / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Korleis går det eigentleg med matproduksjonen der ute?

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Frå venstre: Jon Elster, Francis Sejersted, Jens Arup Seip, Johs. Andenæs og Rune Slagstad.

Samfunn
Rune Slagstad

Ein skapjurist forsvarar jussen

Det er ikkje for mykje jus i politikken, det er for lite politikk i politikken.

Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB

Samfunn

Ei god tid for martyrar

Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis