Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Heimsøkt av søksmål

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2358
20200320
2358
20200320

No om dagen gjeld det å ikkje vera nærsøken og åtsøken (‘nærgåande, innpåsliten; plagsam’). Dei som rører seg ute, skal helst ikkje søkja saman, og dei som bur i lag med andre folk, skal helst ikkje gå dei på nervane. Nokre lurer på om dei skal søkja dokter, men her skal me nøya oss med å undersøkja søkja.

Søkja er eit arveord som mellom anna har desse formene: dansk søge, svensk söka, islandsk sækja, nederlandsk zoeken, tysk suchen og engelsk seek. (Engelsk search kjem frå gamalfransk.) Ordet hadde i utgangspunktet uregelrett form i fortid (jf. norrønt sótti) og har det framleis i engelsk (sought). I mange andre mål har verbet fått regelrett bøying – som norsk søkte – etter mønster frå andre linne verb. Opphavet til ordet er noko uvisst, men nokre meiner at ordet fyrst kan ha vorte nytta om (den oppsporande) snusinga til jakthundar.

Slik sett er det heilt rimeleg at me ofte brukar søkja i tydingane ‘leita etter, prøva å finna, trå etter’. Me kan søkja råd og trøyst, me kan søkja etter informasjon på nettet (jf. søkjemotor), og me kan søkja Gud. Nokre søkjer lukka. Dei som har ei søkjande sjel, søkjer som regel sanninga framfor materiell velstand. Andre søkjer makt, ære og rikdom, men hugs: «Den som søkjer æra minst, får henne helst.» Det kan vera leitt for ettersøkte folk å koma i søkjeljoset, men stundom treng me at folk prøver å finna oss: «Hjelpemannskap har søkt etter det bortkomne fylgjet i heile natt.»

Me kan bruka søkja om ei rad andre saker òg, til dømes det å gjeva seg i veg til ein stad eller eit lag («søkja livd», «søkja kyrkje», «søkja ting»), gå til sak mot nokon (jf. saksøkja, søksmål) og (skriftleg) oppmoda om å få noko («søkja på ei stilling», «søkja asyl», «søkja om løyve», jf. søknad, søknadsskjema). Me kan dessutan bruka søkja om hundar som flyg etter vilt («Hunden søkjer elgen», jf. òg kommandoen «Søk!»), og om plaging i det heile: «Kyrne søkjer hunden.» Heimsøkja har grunntydinga ‘vitja, gjesta’ og er slik sett synonym til lånordet besøkja, men me nyttar det som oftast om utriveleg saker: «Landet vart heimsøkt av uår og svolt.» Her finst elles samansette og innlånte ord som oppsøkja, undersøkja og forsøkja. Nokre meiner at det er søkt å søkja etter avløysarord, andre meiner det motsette.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis