I fritt fall
I mange tilfelle fell det lett å nytta orda fall og falla, for dei er påfallande mangtydige og slett ikkje falleferdige. Stundom fell det oss inn at me kan nytta desse orda når hår, klede og gardiner heng eller ligg (godt): «Ho har fall i håret.» «Kjolen fell fint.» Men det fell òg naturleg å nytta orda om dramatiske og fæle saker: «Han fall i krigen.» «Festninga fall, og mannefallet var stort.» «Der var mange falne og såra.» Å falla i klørne på dauden er verre enn å falla mellom to stolar, men det suraste er vel å falla for eige grep?
Eplet fell ikkje langt frå stamma, vert det sagt, og falla har ikkje falle so langt frå opphavet sitt: Den germanske grunnforma kan ha vore fallan-. Norrønt falla, engelsk fall, tysk fallen (osb.) er i alle tilfelle runne av same rota. Etymologien er noko uviss, men grunntydinga kan ha vore ‘slå, støyta’. Falla er elles i ætt med fall, fella (jf. domfella) og felle (jf. musefelle). Ordet tilfelle ter seg i norrøne kjelder og er truleg eit tidleg lån frå lågtysk. Me veit òg at norrønt fall vart nytta som grammatisk nemning for ‘kasus’, slik ordet framleis vert nytta i færøysk og islandsk (t.d. islandsk eignarfall ‘genitiv’). Det er eit omsetjingslån: Latin casus tyder just ‘fall’.
Hovudtydinga til falla er ‘detta, styrta ned’, og som ordtaket seier: «D’er snarare gjort å falla enn å reisa seg.» Ord som fossefall, fallskjerm og seiemåtar som «lauvet fell», «falla og slå seg» og «tanna fall ut» viser til slike fysiske fall. Andre seiemåtar har ei kopling til det fysiske, men vert helst nytta biletleg, til dømes «falla i god jord», «falla i grus» og «falla i stavar» (opphavleg nytta om kjerald). Temperatur og trykk kan ikkje falla på same måte som lekamar, men dei kan minka og verta veikare. Minking vert gjerne oppfatta som ei rørsle nedetter, jamfør temperaturfall, trykkfall og «fallande måne».
Det er ei kjend sak at det reine og lytefrie er oppe, medan det skitne og syndige er nede. Då er det rimeleg å tala om syndefall og seia at folk «fell i synd», «fell tilbake til gamle synder» og «fell for freistinga». Folk kan vera handfalne, himmelfalne og tjukkfalne, og om me hadde valt ein annan innfallsvinkel, kunne me ha undersøkt kvifor fråfalne stundom slit med å falla i svevn når natta fell på.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida