Koma på kassa
Å ha eit sugerøyr i statskassa er betre enn å stå med skjegget i postkassa, men det beste er vel å krypa i loppekassa etter ein lang og strevsam dag? Eller kanskje det er endå betre å sjå at fuglane bur og trivst i fuglekassa di? Tvillaust er det i alle fall at interessa vår for kasser ymsar, og vår eiga kasseinteresse kan ymsa gjennom livslaupet. I barndomen er det gjævt å leika i sandkassa, seinare lærer me å setja pris på velfylte vedkasser og blomsterkasser.
Kasse er eit låneord me kan spora attende til italiensk cassa og latin capsa (‘skrin, bokkasse’). Dette substantivet var opphavleg hokjønnsord, men i mange målføre ter det seg som hankjønnsord. Rettskrivinga i bokmål og nynorsk lèt oss difor velja om kasse skal vera hokjønns- eller hankjønnsord. Bakgrunnen til det latinske substantivet capsa er noko uviss, men nokre har meint at ordet heng saman med verbet capere (‘ta, romma’). Capsa og cassa har i alle fall gjeve oss ei rekkje ord, til dømes kapsel og kassett, som båe har grunntydinga ‘lita kasse’. Ein videokassett er ei lita kasse med film i. Me har elles mange kasser å velja mellom, og det er viktig at kassene høver til føremålet. Me kan ikkje leggja kassegitaren i felekassa, og me gjer klokt i å skilja mellom brystkasse, girkasse og streikekasse.
Etter påverknad frå tysk har kasse òg fått tydinga ‘pengeskrin, stad for lagring av pengar; oppsamla mengd med pengar’. Orda kasserar og (inn)kassera er komne til oss på same vis: gjennom tysk. Når me nyttar kasse i «pengetydinga», kan me i samansetjingar velja mellom kassa- og kasse-: Me kan skriva kassaapparat eller kasseapparat, kassalapp eller kasselapp, kassasvik eller kassesvik (‘underslag’). Ordet kassadame er nok vanlegare enn kassamann, jamvel om mannfolk «sit i kassa» rett som det er.
Det er gildt å ha pengar i kassa, og det er gildt å kunna nytta kassapengane på gode og samfunnsgagnlege tiltak. Lånekassa har gjeve mange av oss høve til å studera. Den gamle fattigkassa var òg til hjelp for mange, jamvel om det ikkje var direkte moro å verta fattig(kasse)lem og koma, vera eller leva «på kassa». Gatemusikantar med lirekasse kunne nok sopa inn nokre gryn på den måten. Pengetyrste kunstnarar søkte seg mot teateret og vona at stykket deira vart ein kassasuksess.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida