Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Langt lidande

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20190719
2353
20190719

Medliding kan gjera godt for skadelidande, men liding er i det store og heile utriveleg. Det er ingen som brenn etter å vera hovudpersonen i ei lidingssoge og lida naud, lida urett, lida tap eller lida av fæle sjukdomar. Ordtaket seier rett nok at «det er ymist lettare å lida enn føre kvida». Med andre ord: Lidinga er ikkje støtt so ille som me trur på førehand. Men kven er det som lid når det lakkar og lid?

Li eller lida er eit gamalt sterkt verb som opphavleg tydde ‘gå, fara’. Denne tydinga er framleis med oss: Me har ei rekkje seiemåtar der lida målber at tida og andre saker skrid fram, jamfør: «Det lid åt helga.» «Dei kom då det leid mot kvelden.» «Det er ugreitt å ferdast der so langt lidande (d.e. so seint på året).» «Kva lid det?» (‘Kva er klokka?’) Me kan dessutan bruka lida når me vil seia at noko har gått langt og nærmar seg enden: «Hausten lid.» «Det leid med slåtten.» Ofte har det vore dativ i slike vendingar: «Det lid ertrom.» (‘Ertene er snart ferdig koka.’) «Det leid honom.» (‘Han låg for dauden.’) Ordlaget «lida av» kan me nytta om tid som går framom eller går til endes: «Mange år er lidne av.» Me kan òg nytta det om folk som «går bort» (døyr): «Han leid av i fjor.» Og då er han avliden.

Lida i tydinga ‘plagast, røyna naud eller pine; tola, halda ut’ kan me spora attende til gamalhøgtysk. Me veit ikkje for visst korleis denne tydinga voks fram, men me veit at ho snøgt kom inn i dei nordiske måla, der ho framleis svingar seg. Me kan lida mykje vondt og få lida for noko me har gjort. Eit ordtak seier at «den som ikkje vil lyda, må lida», men det er ikkje berre ulydnad som valdar liding. Jamvel føyelege personar kan verta råka av mageliding, sinnsliding eller andre lidingar.

Lidenskap vert jamnast rekna som noko bra, men sjølve ordet vart mykje spotta då det kom inn i dansk frå tysk kring midten av 1700-talet. I komedien Haarkløveren (1765) av Charlotta Dorothea Biehl spør ein av figurane: «Lidenskaber! hvad vil det siige? Er det en liden Skabere?» I dansk finn me elles seiemåten «kunne lide» (‘synast godt om’, eig. ‘kunna tola’). Slik bruk av verbet finst i norsk òg, jamfør desse døma frå Norsk Ordbok: «Det kan eg lida.» (‘Det hugar meg.’) «Eg lid ikkje å vera finkledd.» «Katta lid ikkje hunden.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis