Mykje til kar
Ikkje alle er kar om å vera kar, og det er ikkje alle som kan smykka seg med heidersnamnet kjernekar heller. Ein kar er i utgangspunktet ein fullvaksen mannsperson, og slik sett skulle det vera lett å verta kar: Gutane kan berre lata tida gå, so vert dei karar før eller sidan – det er ikkje noko karsstykke. Men det er òg tradisjon for å nytta kar om «mannsperson som i serleg mon har slike eigenskapar som ein vaksen mann bør ha» (Norsk Ordbok), og då vert det verre. Kar har mellom anna vore nytta i tydinga ‘gift mann’, so ein ungkar er mestsom ikkje ein retteleg kar. Me kan elles nytta kar i tydinga ‘rik, velståande mann’ (jf. storkar): «D’er lett å vera kar, når det inkje kostar.»
Dersom me fylgjer spora attover, ser me at ordet kar har hatt hovudtydinga ‘(vaksen og fri) mann’ i alle dei gamle, germanske måla. Grunnforma ser ut til å ha vore karla, men det er uvisst kva opphavet er. I Våre arveord skriv Bjorvand og Lindeman at ordet kanskje er i ætt med kjerne. I so fall kan me tenkja oss at kar opphavleg vart nytta metaforisk om ein mann med framifrå eigenskapar, jamfør kjernekar. Merk elles at mange av samansetjingane våre med -kar seier noko om arbeid eller arbeidstilhøve (t.d. skysskar, slåttekar, stallkar, lauskar), medan andre viser til eigenskapar (t.d. kraftkar, staskar).
Norrønt karl vart mellom anna bruka om ‘fri og vanleg mann, mann som korkje er træl eller konge’. Elles fanst det samansetjingar som ellikarl (‘gamal mann’), ferjukarl (‘ferjemann’), skítkarl (‘tarveleg mann’) og galdrakarl (‘mann som fer med trolldom’). Karfolk som stakk veslekaren borti andre enn kona, vart kalla hórkarl, og karar som gjekk med stav og livberga seg med tigging, vart kalla stafkarl. Det er opphavet til vårt stakkar.
Norrønt karl har på eit eller anna tidspunkt kløyvt seg og gjeve oss to ord med ulik tyding: kar og kall. Som regel nyttar me kall om godt vaksne karar, men ordet kan brukast om ei rad andre saker òg, jamfør kvernkall, furekall og fossekall. Gjennom avleiing har me fått eit eige ord for kvinner: Av norrønt karl kjem kerling, som i moderne norsk har forma kjerring. Kjerring kjem soleis ikkje av kjær, slik nokre hevdar, men er avleitt av eit ord for ‘mann’, på same vis som dronning (norr. dróttning) kjem av drott.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida