Noko å veksa i
«Der ein pløgjer grunnt, vil det veksa tunnt», seier eit gamalt ordtak. Både nyttevokstrar, prydvokstrar og den oppveksande slekta treng gode vokstervilkår, men dei gode vilkåra er ikkje dei same for alle: Me veks og trivst på ulike stader. Dessutan er voksteren vår ulik. Me kan vera storvaksne eller småvaksne, grannvaksne eller breivaksne, høgvaksne eller lågvaksne, snarvaksne eller seinvaksne. Nokre er jamvel veslevaksne.
Veksa (norr. vaxa) er eit nedervt, sterkt verb (veks – voks/vaks – vakse) med former som svensk växa, engelsk wax og tysk wachsen. I målføra ter verbet seg i litt ulike former, til dømes vaksa eller våksa i infinitiv, vuks eller vekste i preteritum og vøksi, voksi, veksi, vuksi, vyksy og viksi i supinum (jf. Norsk Ordbok). Bokmål vokse har linn bøying (vokser – vokste – vokst), slik det òg har i dansk. Det ser ikkje ut til at voks (‘feittliknande stoff’) og voksa (‘setja inn med voks’) har noko med veksa og det nærskylde substantivet vokster å gjera, endå orda er svært like på yta.
Me kan bruka veksa om alt som vert større, anten det aukar i lengd, vidd, høgd, mengd eller styrke: «Ho har vakse ti centimeter.» «Medlemstalet veks jamt.» «Elva veks.» «Månen veks.» «Motviljen er veksande.» I norrønt fanst seiemåten «eitthvert vex einhverjum í augu» (eig. ‘noko veks ein i augo’), som tyder at noko tykkjest vera for stort for ein, so ein vert uroleg eller redd. Jamvel vaksenfolk kan verta redde av å gå åleine i store, tettvaksne skogar, men ripsbuskar og andre buskvokstrar er som regel greie å ha med å gjera.
I fyrste livsbolken plar høgda vår auka temmeleg mykje, difor talar me om oppvokster og det å veksa opp. Nokre er plaga av veksesmerter medan det står på, men det veks dei av seg, so å seia. Når me endeleg har vakse frå oss, er me utvaksne, framvaksne, fullvaksne eller berre vaksne. Då kan me til dømes ha vaksentid. Norsk Ordbok fortel at vaksentid kan tyda ‘tid då ein er vaksen’, ‘tid som vaksen person har for seg sjølv’ og ‘tid (som barn har) saman med vaksen person’. Det er elles ei kjend sak at me ofte veks or kleda i oppvoksteren, difor er det fint å ha klede med vokstermon: «Maal som er afpasset for paafølgende Væxt» (Aasen). Me kan veksa med oppgåva, men det er sjeldan kleda veks med beraren.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida