JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SpråkKunnskap

Botn i bytta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2350
20210806
2350
20210806

I skrivande stund er det ikkje mange botnfrosne bekker å sjå her heime. Skogbotnen er turr mange stader, og folk strøymer til badevatn med sandbotn og andre slags botnar. «Ein kjem ikkje djupare enn åt botnen», seier ordtaket. Sant nok, men å koma djupt ned i ein båt som ligg med botnen i vêret, er vel ikkje so lett?

Granskarane som freistar setja opp grunnformene til arveordet botn, byggjer på ustø botn. Ordet har so ulike former i måla at det er vandt å finna formene som dei alle botnar i, om me kan seia det slik. Botn (norr. botn) er i alle tilfelle eit gamalt ord for ‘nedste flate, grunn’. Ordet ter seg i former som svensk botten, engelsk bottom, nederlandsk bodem og tysk Boden. Bokmålsforma bunn kjem av dansk bund. I norsk folkemål støyter me jamnast på formene botn, bott og bonn (ofte skrive bånn). Botn er i ætt med latin fundus, som har gjeve oss ord som fundament, fundera og fond.

Me brukar botn om underdelen i innhole saker, den inste enden av noko og liknande, jamfør «botnen i badekaret», «ein tjukkbotna kjele», «sjå botnen i brunnen», «gå eit stykke innover dalbotnen». Dersom ein ikkje har pengar på kistebotnen, lyt ein leva sparsamt og fylgja dette rådet: «D’er best å spara frå loket; d’er seint når ein ser botnen.» Når karet er botnskrapa, er det i alle fall for seint. Nokre saker, til dømes skrin og koffertar, kan ha dobbel botn – eller tvibotn, som det òg har vorte kalla. Adjektiva dobbel(t)botna og tvibotna kan visa til gåtefulle, tvitydige og innfløkte utsegner og personar («ein tvibotna replikk»).

Når me kjenner folk til botnar, veit me om dei er gode på botnen eller ikkje. Kan henda veit me at det ikkje er botn i dei, og at dei lett kan hiva innpå eit par kakebotnar. Ord som grorbotn, klangbotn, hovudbotn, botnfarge og botnline kan brukast om fine og leie saker, alt etter samanhengen («finna grorbotn for ideane sine», «vera sår i hovudbotnen»). Andre botn-ord har støtt med det låge og leie å gjera, som botnnivå, botnrekord og botnlag. Det heiter seg at det er best å gjeva seg på topp, men i botn og grunn – eller «i botn og grotn», som Agnes Ravatn skjemtande har hevda at det heiter på nynorsk (Dag og Tid 4/2010 og Folkelesnad s. 35) – høver det å setja strek her. For no har me nått botnen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis