Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SpråkKunnskap

Ikkje dårleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20210604
2353
20210604

Når me er dårlege eller i dårleg humør, vil me helst sleppa å høyra dårlege vitsar fortalde av folk som er dårlege til å fortelja vitsar. Eller er det motsett? Kan det tenkjast at alt det dårlege til saman vert so rekorddårleg at me brest i lått?

Me kan i minsto slå fast at det som er eller går dårleg, ofte dreg andre dårlege saker etter seg. Dårlege avlingar og dårleg fangst kan gjeva folk dårleg råd, og dei som lever i dårlege kår, har radt dårlegare helse enn dei som sit betre i det. Merk likevel at me kan leva i dårlege tider utan å ha dårleg tid.

Dårleg er ikkje eit dårleg ord, men tilhøvet mellom uttale og skriftform er innfløkt. Mange av oss, til dømes me som har eit austnorsk målføre, uttalar midtbolken i ordet dårleg annleis enn me uttalar midtbolken i ord som særleg og herleg. I dårleg har me mestsom ein tjukk eller flat l, medan l-en i særleg og herleg er tynn. Kvifor er det slik? Vel, opphavleg var det ingen r i dårleg, slik det var i særleg (norr. sérligr) og herleg (frå gamalsaksisk herlik).

I norrønt finn me adjektivet dáligr (‘låk, klein, usæl; ill, vond’, jf. svensk dålig). Dette ordet kan me framleis bruka. Dåleg vêr, sova dåleg, vera dåleg kledd, eit dåleg arbeid – alt dette er korrekt nynorsk. Dei av oss som seier dårleg med tjukk l, har ein uttale som heng att frå dette gamle og r-lause ordet. Opphavet til dåleg er uvisst, men ordet kan vera i ætt med dåna og døy. I eldre dansk finn me òg dette ordet (daalig), men etter kvart kom det lågtyske adjektivet dorlik og blanda seg inn. Sistnemnde heng i hop med dåre og vart nytta i tydinga ‘tåpeleg, vanvitug’. Dansk daalig vart daarlig, og forma med r fann vegen inn i norsk. Det kvardagslege adjektivet dårleg er soleis ei ihopblanding av dåleg (‘låk, klein; ill’) og dårleg (‘tåpeleg, vanvitug’).

Kan me seia at dåleg har hamna i dårleg selskap? Eller at det står dårleg til med dåleg? Dei som nyttar dårleg i staden for dåleg, skal ikkje ha dåleg samvit, for dåleg har vore dåleg til å marknadsføra seg sjølv. Dessutan: Om me skriv dåleg, kan folk som ikkje veit betre, slumpa til å tru at me er dålege til å stava dårleg. Men det er kan henda ei dåleg orsaking. Å stava gale er i alle fall mindre farleg enn å vera dåleg skodd når ein er dåleg til beins.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis