Solstråle i stråleskin
Å stråla om kapp med sola vert jamnast rekna som noko gjævt og godt, jamvel om store mengder solskin kan vera farleg for oss. Me likar solstrålane, og me nyttar gjerne solstråle når me talar om folk som lyser opp tilværet: «Minstebarnet er solstrålen i familien.»
Kva med personane som lyser veikt eller gåtefullt? Me kunne ha omtala dei som månestrålar, men om me ser bort frå teikneseriefiguren Månestråle, vert månestråle snautt nytta om folk.
Sidan me ofte brukar stråle om det som lyser og skin, er det nærliggjande å tru at ordet opphavleg hadde med ljos å gjera. Men når me nyttar stråle om ljostilhøve, nyttar me det strengt teke i biletleg meining. Stråle, som er eit lånord frå lågtysk, har grunntydinga ‘pil’. Sjølvsagt! Ei pil er noko langt og smalt som vert skote ut, og det høver godt å nytta eit ord for ‘pil’ om andre lange og smale saker som vert skotne ut, som solstrimer (eller med eit endå gildare ord: solgeisler). Me kan òg bruka stråle om væske, jamfør ord som blodstråle, mjølkestråle, pissestråle og seiemåtar som «retta strålen frå brannslangen mot elden».
Ord som strålefare, strålevern og stråleskade fortel oss at strålane kan ha leie verknader. Samstundes veit me at strålar kan hjelpa oss med å stilla diagnosar (jf. røntgenstrålar) og drepa kreftceller (jf. strålebehandling). Høveleg mykje ultrafiolett stråling eller UV-stråling er bra for oss, men det som vert kalla UVC-stråling, er farleg i små dosar og kan jamvel nyttast til å desinfisera luft og vatn, seier Store norske leksikon. Mange har elles røynt at smerter kan te seg som strålar: «Smertene stråla frå nakken.» «Ho har sterke ryggsmerter med utstråling til høgre beinet.»
Me vert ikkje stråleskadde av å vera i nærleiken av folk som strålar av glede, men dersom me sjølve har det tungt, kan det vera leitt å møta folk som gledestrålande greier ut om det strålande livet sitt. Det er helst dei gode kjenslene og tilstandane me omtalar som stråling. Me kan stråla av lukke, glede, energi og humør, men det er rart å seia at einkvan strålar av sorg, kraftløyse og misnøye. Me kan rett nok utstråla mykje, til dømes autoritet, styrke og trass. Nokre har ei utstråling som gjer at dei vert eit naturleg strålemot (‘brennpunkt, midtpunkt’) same kvar dei kjem.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB