Alvorleg for rettsstaten
Grove valdssaker vert liggjande på vent hos politiet i månadsvis, ja, i over over eit år. NRK har i sommar dokumentert alvorlege problem med gjennomføringa av politireforma. 11 av 12 distrikt har varsla om låg bemanning og saker som hopar seg opp. Det er stor mangel på etterforskarar og juristar til handsama kriminalsakene på ein god måte.
Ein trur knapt det er sant at den norske politietaten og rettsstaten skal slita på denne måten. Det er svært alvorleg at ein av grunnpilarane i eit godt og velfungerande samfunn – fridom frå kriminalitet – er utfordra så sterkt som dette. Vi er lærte opp til å tru at alle kriminalsaker av eit visst alvor vert prioriterte, og at politiet har nok ressursar til å syta for det. Det har dei ikkje i dag.
Fyrste steg for å få gjort noko med eit problem er å vedgå at eit har eit problem. Diverre startar problema alt her. Politidirektøren sa til NRK tidlegare i sommar at «det står bra til i Politi-Norge». Det er vanskeleg å skjøna at han kan vera rette person i stillinga som politidirektør.
Regjeringa fylgjer opp med å tona ned problema. Til NRK svarar Justis–?og beredskapsdepartementet at gjennomføringa av reforma «byr på noen utfordringer», men at dei tek utfordringane «på største alvor». «Byr på noen utfordringer.» Slik talar folk som vi tona ned problemet. Det vekkjer ikkje tillit. Ifylgje Politidirektoratet skal den positive effekten av den nye politireforma gjera seg gjeldande mellom 2018–2020. Så langt er det ingen grunn til å tru på det. Det positive er at riksadvokaten har skjøna problemet. Etter eit møte med politjuristane denne veka seier han at «det er en alvorlig situasjon som beskrives».
Skal opposisjonen på Stortinget setja søkjeljos på ei sak i haust, bør det vera denne. Frp, som sit med justisministeren på femte året, er for sin del i ferd med å melda seg ut som eit truverdig lov og orden-parti.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida