Media har eit ansvar
Då Trump-regjeringa innførte nulltoleranse for alle som prøver å ta seg ulovleg inn i USA, førte det til heilt uakseptable følgjer for dei borna som vert tekne bort frå foreldra. Truleg har no president Trump skjøna alvoret og snur.
Saka har med rette fått stor merksemd. Men det har likevel vore vanskeleg å skjøna omfanget av saka og kva samanheng ho går inn i. Journalistikken og presentasjonen av saka vart fort redusert til tabloide titlar og ingressar utan bakgrunnsinformasjon.
Det som har mangla, og som manglar i mange andre saker som gjeld innvandring, er nøkterne gjennomgangar av heile sakskomplekset. Kva har praksisen vore før? Vart foreldre og born òg skilde under president Obama? Kva er nytt under Trump? Kven er det som vert fengsla? Er det tale om asylsøkjarar eller arbeidsmigrantar? Kven frå Sør-Amerika får asyl i USA? Korleis handterer Europa same type spørsmål? Kva med Noreg?
Særleg i innvandrings–?og asylsaker er slike nøkterne gjennomgangar viktige for at folk skal kunne gjera seg eigne meiningar om dei ulike innvandringssakene. Særleg må ein unngå at folk får mistankar om at media underrapporterer og vinklar sakene på spesielle måtar. Skjer det, aukar berre polariseringa og konfliktnivået i debatten.
I den nye mediekvardagen der ting skal skje raskt på nettet, er det òg viktig at ein ikkje bommar på fakta og biletbruk – som i denne saka, der det vart nytta eit bilete frå Obama-tida som om det var i dag. Slike faktafeil er alvorlege for truverdet til den seriøst redigerte pressa. Innvandring vil bli eit stort debattema i årevis framover, og media har eit viktig ansvar for at denne debatten vert så god og sakleg som mogeleg.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida