Vi har mange nok universitet
Minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe vil sjå nærare på det norske systemet for akkreditering av universiteta våre. Det er «på tide med en gjennomgang for å se om dagens system er unødvendig byråkratisk, og om det er for rigide krav for å bli og forbli universitet», seier Moe til nettavisa Khrono.
Kunnskapsdepartementet seier at målet med gjennomgangen er å gjera regelverket meir treffsikkert og oversiktleg. Det kan sikkert vera greitt nok. Men det som fyrst og fremst trengst no, er eit tydeleg signal frå regjeringa om at vi har mange nok universitet her i landet – heile ti – og 4000 professorar, eller er det 5000?
Og fleire universitet kan det verta: Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Innlandet, Høyskolen Kristiania, VID vitenskapelige høgskole og Samisk høgskule har alle planar om å verta universitet. På engelsk har høgskulane alt teke i bruk universitetsnamnet – Høgskulen i Innlandet kallar seg Inland Norway University of Applied Sciences ute i verda, Høgskulen på Vestlandet kallar seg Western Norway University for Applied Sciences.
Tilbakemeldinga frå Ola Borten Moe og regjeringa til desse høgskulane burde vore: Gløym det sjølvpålagde strevet om å verta universitet. Driv med forsking og dyrk internasjonale kontaktar, ha gjerne eit doktorgradsprogram eller to, men legg fyrst og fremst vekt på å laga ein så solid klassisk høgskule som råd, med vekt på god undervising og eit godt studentmiljø.
Ei slik tilnærming vil ikkje minst tena profesjonsutdanningane – som sjukepleiar- og lærarutdanninga – slik at dei kan dyrka og sikra særprega sine – og hindra ei for sterk teoretisering av dei praktisk orienterte profesjonsfaga. Samstundes slepp dei all evalueringa, rapporteringa og den stadige kampen for å overleva som eit lite forskingsuniversitet.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida