Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Alt blir borte

Line Baugstø skriv solide kvinneportrett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjennom fleire enn 30 år som forfattar har Line Baugstø skrive ei rekkje romanar, novellesamlingar og barnebøker i tillegg til sakprosa og dramatikk.

Foto: Pernille Marie Walvik

3555
20190607
3555
20190607

Roman

Line Baugstø:

Egne rom

Oktober

Ved halvgått løp er det ikkje uvanleg å kjenne på eit behov for å gjere opp status, det gjeld ikkje minst for eit livsløp. Kanskje er det først no ein får auge på visse mønster som har vore bestemmande og styrande. Ei slik midtlivskjensle, som ikkje treng å vere ei tung krise, kan gjelde både for menn og kvinner. Likevel er det kvinner som har lidd mest under krava om å dytte det gjenstridige livet på plass i ei streng og ofte hemmande form.

Og korleis gjekk det no med prosjektet «å forandre verda»? Line Baugstøs hovudperson svarar slik: «Forandrer vi ikke verden hver eneste dag, hver og en?» Det ligg ein optimisme i botnen av dette romanprosjektet, ei tru på kreftene i menneskesinnet.

Drive verda framover

Trass i nederlag og urettvise tilhøve er Baugstøs personar lite prega av desillusjon eller depresjon. Med pågangsmot og vilje kjem dei seg ut i verda, møter menneske, prøvar ut kjærleiken. Dei går på trynet, men reiser seg att, litt klokare og sterkare. Soga om Sigrid og dei andre kvinnene i hennar næraste krins har vi no følgt gjennom snart tre tiår og to generasjonar. I Egne rom, som er den tredje boka om dei, har vi kome fram til midt i 1980-åra. Sigrid er nådd slutten av førtiåra, dei to døtrene hennar er blitt vaksne og lever sine eigne liv. I alle bøkene i serien har Baugstø fleire perspektiv og forteljarstemmer. I denne siste er det mor og den eldste dottera som skiftar på å føre ordet. Det fungerer godt og gjer historia rikare. Tidsmarkørane er tydelege og fell naturleg inn i handlinga. Her er autentiske innslag både frå den nære sfæren, den som tradisjonelt har høyrd til kvinnelivet, og frå større storpolitiske hendingar.

Sigrid lever no aleine, det er fritt – og litt einsamt. Litt ute i handlinga treffer ho ein mann, utan at vi får vite korleis det vil gå. Marit, den eldste dottera, bur no i Oslo og har fått sommarjobb i Aftenposten. Verken ho eller den yngste kjem heim på ferie til mora i Kristiansand. Sigrids gamle far er på veg ut av livet. Tida som går, og menneske som blir borte for kvarandre, er gjennomgangstema i romanserien. I tillegg handlar det om å dokumentere røynda gjennom skrift. Sigrid har skrive eit par bøker. Mot slutten av Egne rom tyder mykje på at ho vil i gang med eit større prosjekt, no som ho har frigitt tid og krefter etter mange års omsorgsoppgåver som aleinemor.

Den nådelause tida

Dei lange tidslinjene utgjer mykje av styrken i dette romanprosjektet. Forfattaren syner oss korleis verda trass alt har gått framover når det gjeld kvinneliv, handlingsrommet har blitt mykje større. Det er heldigvis ikkje lenger comme ils faut for ein mann å ytre at ein ønskjer seg ei «ekte» kvinne og med det meine ei som vil vaske dei skitne sokkane hans.

Då eg byrja lese Baugstøs roman, tykte eg at det var noko litt bastant og omstendeleg ved denne prosaen. Til tider balanserer skrifta på kanten av det trivielle. Likevel blir eg snart sogen inn i handlinga, personar og miljø står fram levande og engasjerande. Forfattaren skriv på ein så solid og skikkeleg måte at ein lit på henne og på forteljinga hennar. Teksten opnar også fine refleksjonar om mellom anna dei små og kanskje kvardagslege forandringane i eit liv, slike som kan vere nesten umerkelege når dei skjer, men som til saman utgjer store endringar både i livet til den einskilde og i eit samfunn.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det ligg ein optimisme i botnen av dette romanprosjektet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis