Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den vanskelege fridomen

Stilsikker romandebut om angst og irrasjonell livssmerte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anniken Englund Jørgensen (f. 1996) er bloggar og forfattar. Ho debuterte i 2018 med den sjølvbiografiske boka «Bare en natt til». «Og så kom regnet» er romandebuten hennar.

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

3666
20200904
3666
20200904

Roman

Anniken E. Jørgensen

Og så kom regnet

Gyldendal

Kjærleiken til pengar er rota til alt vondt, heiter det i Bibelen, medan andre kjelder finn rota i lediggang, og du skal sjå at båe har rett. Men medan den første rota gjer mest vondt for andre enn den pengekjære, er den ledige vond mot seg sjølv, ved å ha tid til å kjenna etter om noko er gale. Den som leitar, vil alltid finna.

Kvardagar utan innhald

Nathalie, hovudpersonen i debutromanen til Anniken Englund Jørgensen, har god tid til slik leiting. Ei kort stund hadde ho jobb i ein barnehage, men elles har ho ikkje stort å ta seg til. Lukka, som no er fordufta, har smilt til henne før i tida, for far hennar kjøpte eit husvære til henne til fire millionar ved Alexander Kiellands plass, truleg for å få dottera mest mogleg ut or livet sitt. Så der er ho, ei ung kvinne med kvardagar utan nemnande innhald. Dette verkar ikkje som eit spennande utgangspunkt for ein roman, men Anniken Englund Jørgensen har likevel fått til ein interessant tekst om Nathalie. Ho er eit gissel av fridomen sin, for om pliktene vantar, skortar det ikkje på sutene.

Nathalie har ein ekskjærast, Michel, som ho er så ferdig med at ho tenkjer på han heile tida. Ho er kjenslevar, i alle høve når det gjeld seg sjølv, ho er plaga av angst og går til ein psykolog som oppmuntrar etter mantrametoden. Han seier kvar gong at det er dei sterkaste som kjem dit, altså til terapeuten, men han gjer ikkje greie for korleis han har funne ut dette. Lite kjenner han styrken til folk han aldri ser.

Nathalie er klokare enn psykologen. Etter eit møte med han tenkjer ho dette: «Og det sank inn hos meg at voksne ikke er voksne, og at jeg kanskje heller aldri blir en.» Det er ein god observasjon av eit ungt menneske.

Å forstå seg sjølv

Ein annan stad seier Nathalie dette: «Jeg tror ikke jeg er ond, men jeg er muligens gal.» Å erklæra seg for galen er sjeldan eit teikn på sjølvkritikk, snarare det motsette, for ingen som presenterer seg som galen, gjer det for å få diagnosen stadfesta av vitskapen, derimot vil dei syna seg som interessante. Men ved å vera litt uviss på om ho er vond eller ikkje – ho seier jo ikkje at ho veit, ho berre trur – har Nathalie synt seg fram i ein ærleg freistnad på å forstå seg sjølv, og ikkje med eit diktat om kven ho er. Slik opplever lesaren Nathalie som eit røynleg menneske, og dermed interessant, trass i dei trivielle i-landsproblema ho strir med. Angstsjukdomen er irrasjonell, og Nathalie er endåtil merksam på sin eigen irrasjonalitet, men likevel makteslaus når kjenslene tek over styringa. Så immigrerer migrenen frå ukjent hald, og ho vert redusert til eit forknytt, lidande vesen i fosterstilling, på sett og vis heimlaus i samfunnet, frendelaus i skort på andre enn psykologen å opna seg for. For vennene hennar, til dømes Lise, er sutlause, i alle høve på den yta Nathalie kjenner, og lite kjend er ho også, for ho er fattig på kontaktar, og ho likar på leiken ille, som Ivar Aasen skreiv, om enn i ein annan kontekst.

Eg får influensa når eg høyrer tittelen influensar, som Anniken Englund Jørgensen er, og eg gjekk difor til lesinga med ein ryggsekk av fordommar. Men det eg fekk lesa, var ein god roman om einsemd og lengt, skriven i eit reint, kjenslevart og nøkternt språk utan jåleri. Sagt på ein annan måte, med ein faktisk og etterretteleg observasjon: Under det svarte omslaget er boka kvit som snø.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Lesaren opplever Nathalie som eit røynleg menneske, og dermed interessant, trass i dei trivielle i-landsproblema ho strir med.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis