Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei gruve i livet

Odd Marakatt Sivertsen skriv innsiktsfullt om folk under harde kår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3623
20220701
3623
20220701

Roman

Odd Marakatt Sivertsen:

Ingen tårer i Moskogaisa

Communicatio Forlag

Det er mange slags gruver her i livet, og det er viktig å sjå skilnad på gullgruver og fallgruver. Romanen Ingen tårer i Moskogaisa har derimot ei kopargruve sentralt plassert i handlinga, og då er forfattaren på trygg grunn. Det same kan ikkje seiast om gruvearbeidarane.

Rotlaust barn

Teksten har skiftande perspektiv, der guten Eero, som vert døypt som Enok i Noreg, fører ordet først og sist, men vert presentert i tredje person i midten av romanen. Han kom til verda på slutten av attenhundretalet, truleg nord i Finland, og levde i lag med mora til dei to kom vekk frå kvarandre i Skibotn i Noreg, og eit barnlaust par, Peder og Sina, tok han til seg. På den tida er det oppdaga kopar i fjellet just på dei kantar, og etter ei tid, der Eero veks opp som Enok med skiftande føresette, kjem det i gang gruvedrift i fjella ved Birtavarre. Men før ein kjem så langt, har forfattaren fått til ei flott skildring av det rotlause barnet i ei hard tid. Guten syg til seg kunnskap frå fleire kjelder og reagerer emosjonelt utan intellektuell korrigering, mellom fattige folk, der somme dansar kring den tomma flaska, og andre rundt den fulle, læstadianarar på den eine sida og gruvesluskar på den andre.

Sivertsen skriv både informativt og reint arbitrært, og boka er såleis eit skjønnlitterært verk med essayistiske innslag, noko som fungerer av di det ikkje vert for mykje av dei reine saksopplysningane, altså slike som skildrar utviklinga av bergverksdrifta, kjende ulukker og framvoksteren av arbeidarsamfunn. Ein annan måte å framstilla dette på, kunne ha vore å dela teksten opp i fleire små kapittel, med ei kort, sakleg innleiing av kvart av desse, og kanskje fleire instansar som kom til uttrykk i første person. Men Sivertsen har gjort sitt val og kjem vel ifrå det.

På leiting

Ein les boka både for sakkunnskapen, informasjonen om livet i gruvesamfunnet, der kokka går væpna med hammar, og for å sjå korleis det går med Enok. Teksten dveler ikkje lenge ved kvart stadium i livet hans, han veks fort til og vert tidleg sysselsett i gruva Moskogaisa, først som køyrekar og seinare inne i sjølve gruvene. Han er mykje påverka av læstadianismen, og lite av alkohol, men når han stundom fretter nytt, eller gamalt, om den bortkomne mora, får han høyra at det er motsett med henne. Han slepper likevel ikkje tak i minnet om henne, og han legg ut på leiting. Dette er eit lite spenningsmoment i teksten, men det vert fort utløyst. Det som kunne ha vore eit djup gruve i livet, vert helst eit dagbrot, men det er likevel plausibelt, så ein tvilar ikkje på at det er slik forfattaren skriv.

Nøytral tone

Sivertsen skildrar tida godt. Kulturen er truverdig og språket idiomatisk sannsynleg utan å verke arkaisk. Det harde livet skriv han om i ein heller nøytral tone som høver godt til måten Enok ser livet på, for han er kjenslevar, men ikkje særleg sentimental. Dei mange skadane og dødsfalla knytt til gruvedrifta får presis omtale utan forsterkande språkbruk, og det høver jo godt med tittelen på boka. Elles ser det ut til at religionen etter kvart tapar makta si over Enok, men då er det kommunismen som ligg best an til å ta over. Du skal sjå han har funne seg ei ny gruve i livet.

Boka løyser seg litt opp mot slutten, men har alt i alt gode litterære kvalitetar, og den kulturhistoriske verdien er udiskutabel.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kulturen er truverdig og språket idiomatisk sannsynleg utan å verka arkaisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis