Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Flyvertinneblues

Globus er ein velskriven roman som imponerer med presise detaljar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sarah Smith Ogunbona har teke forfattarstudiet i Bø og Litterär gestaltning i Göteborg.

Foto: Isak Martinsson

3566
20210108
3566
20210108

Roman

Sarah Smith Ogunbona:

Globus

Oktober

Nokre forfattarar meiner at ein berre kan skriva godt om slikt ein veit noko om, medan andre tykkjer det er best å skriva om det ein ikkje kan. Bjørneboe hevda at båe synspunkt var riktige, og du skal radt sjå at det finst somme som trur båe er feil. Nokon fasit ligg ikkje føre, og godt er det. Såleis har det seg at medan sjakken i teorien kan ha fleire moglege parti enn det er atom i det observerbare universet, finst det fleire moglege romanar enn det er atom også i det universet som ikkje lèt seg observera. Dei fleste av desse partia og romanane er truleg heller dårlege, men debutromanen til Sarah Smith Ogunbona er heldigvis god, og det kan ha samanheng med at ho veit kva ho skriv om.

Romanen handlar om den unge kvinna Hazel. Ho har ei norsk mor som ikkje er så mykje til mor, og ein energisk nigeriansk far som meiner at Hazel og storesystera Cornelia bør tenkja meir på utdanning enn på pengar, men det er ikkje Hazel heilt samd i, så ho ser til å skaffa seg ein jobb som flyvertinne.

Utførleg

Ogunbona skriv utførleg om kvardagen til ei flyvertinne. Detaljane i arbeidet er skildra med slik presisjon at det vert kunst av det, just slik bruksrettleiinga til slåmaskina var stor poesi for Isak Sellanraa i Markens grøde av Hamsun, i alle høve slik Olav H. Hauge las boka. Romanen Globus har mindre av plott og utvikling enn det ein finn hjå Hamsun, men truverdet er minst like stort. Og sjølv om Ogunbona er aller best der ho registrerer heilt nøytralt, slik at romanen vert eit kunstverk der han ikkje prøver hardt på å vera det, er også kommentarane gode, og då særleg ved det dei ikkje seier direkte, som i denne passasjen tidleg i boka: «Mamma og pappa sluttet på et tidspunkt å være glad i hverandre, og jeg var mer glad i Cornelia enn hun var i meg. Det er vel sånn det er i en familie. Ingen er glad i alle, men alle er glad i noen. På den måten kan man si at jeg vokste opp omgitt av kjærlighet.»

Slik held det stadig fram for Hazel, ho har ikkje nokon kjærast og heller ikkje nemnande gir etter å skaffa seg ein slik. Dette høver godt med den nøkterne observasjonen av arbeidsoppgåver og anna i livet hennar, og dei vantande emosjonane er sjeldan sakna.

Utfordring

Hazel vart for det meste oppseda av Cornelia, og det på ein sakleg og lite kjenslevar måte. Cornelia har på si side ein kjærast, og no er ho også gravid. Ho sender Hazel meldingar om utviklinga til fosteret, medan Hazel er meir oppteken av ein cyste ho har oppdaga i underlivet, og av små og store utfordringar i jobben som flyvertinne. Mangt av dette er slikt ein ikkje tenkjer over som passasjer, og som det er lærerikt å få innblikk i. Passasjerane er i grunnen det verste med jobben, i tillegg til strevet med å halda uniforma presentabel. Særleg er dette ei sut for Hazel, mellom anna av di ho er litt større her og der enn ho tykkjer ho bør vera, i alle høve samanlikna med den kollegaen ho likar best, ei som har ein liten kropp, men eit stort namn, nemleg Europa. Og når uniformsreglementet seier at strømpebuksene skal vera hudfarga, er det nok berre Hazel som undrar seg over kva det skal tyda. Såleis syner Ogunbona oss at mangt av det me ser på som sjølvsagt, kan vera fundert på stereotypiar og til dels fordomar.

Dette er kort sagt ein svært god debut av ein forfattar som har funne eit språk som står perfekt til hovudpersonen.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dette er kort sagt ein svært god debut.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis