I det ytre rom
Det kan bli mykje overflate, men av og til viser Linnéa Myhre gode litterære takter.
Linnéa Myhre har så langt skrive fire romanar.
Foto: Guro Beitohaugen
Roman
Linnéa Myhre:
Meg, meg, meg
Tiden Norsk Forlag
Musikaren som har eit så vanskeleg namn at han berre vert kalla Zen, reiser til Los Angeles for å arbeide med musikken sin og musikarkollegaer. Kjærasten er berre med. Ho er mykje heime åleine, eller ho køyrer til stader med leigebilen deira. Ho prøver å kome tettare på artisten Britney Spears, som ho har vore fan av sidan ho var åtte år. Britney og heile livet hennar, med opp- og nedturar, giftarmål og kjærastehavari, popularitet og paparazziforfølging, utgjer for hovudpersonen ein slags religion. Ho «trur» på Britney, og ho brukar mykje tid på å tenkje på korleis det går med henne nett no, finne ut kvar ho er og korleis ho kan få eit glimt av henne. Ho kan ikkje gå glipp av ei einaste oppdatering Britney har på Instagram. Det er eit attkjenneleg heltedyrkingsscenario.
Den flate overflata
Som stoff for ein roman verkar temaet litt tynt og overflatisk. Også fordi noko som i den store samanhengen, lat oss vere ærlege, ikkje er så viktig, blir gjort viktig: «Og jeg tenker på Britneys musikkvideoer, på hvordan de har forandret verden, forandret meg.» Eg vågar påstanden at Britney Spears’ musikkvideoar ikkje har forandra verda. Det er også grenser for kor artig det er å høyre om andre sine heltar i det uendelege. Hadde det endå vore eins eigne, for dei er så klart viktige.
Overflatisk er òg miljøet dei er ein del av under opphaldet i Los Angeles. Her tel utsjånad og klesstil, kropp og kroppsforbetring – alt som høyrer det ytre til – meir enn andre kvalitetar. Men når forfattaren sjølv skildrar personane på inngåande vis etter kva dei har på seg, korleis dei ter seg og i kva grad dei på bakgrunn av dette kan omfamnast av miljøet, blir eg usikker på om det er ironi eller ein forteljeteknikk smitta av det same miljøet. Tittelen Meg, meg, meg kan tyde på eit ironisk anslag, men dette kjennest for lite avklart under lesinga av boka.
Sjølv har hovudpersonen eit vanskeleg og aldri sovande forhold til mat og til eigen kropp. Det opptar mykje av tida hennar. Det er sjølvsagt ei utfordrande problemstilling, men det blir nok eit forhold som, iallfall på eitt nivå, dreiar seg om omsynet til det ytre. Sett i samanheng med Myhres lettbeinte og kvikke skrivestil, som i seg sjølv er underhaldande, blir nemleg ikkje denne problematikken utstyrt med nemneverdig djupn.
Balansert ubalanse
Men fornøyelege setningar kan ho skrive: «På beina har hun gjennomsiktige strømper som får lårene hennes til å se ut som proteser i høye støvletter.» Ho klarar òg å setje heltedyrking i samband med det å ikkje ville vere seg sjølv, men ein annan, helst Britney Spears. Å vere så opptatt av ein annan person kan ha alvorlegare grunnar, med andre ord.
Den største kvaliteten ved romanen er likevel korleis Myhre presenterer misforholdet mellom hovudpersonen og kjærasten. Den eine treng den andre mindre. Han er heilt utan vidare «seg sjølv». Ho vil ikkje vere seg sjølv. Hovudpersonen er heile tida redd for å seie eller gjere noko «feil», slik at han vil gå frå henne. Gapet som opnar seg mellom dei gjennom denne ubalansen, teiknar Myhre opp på ein fin måte som kjennest relevant.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den største
kvaliteten ved romanen er korleis Myhre presenterer misforholdet mellom hovudpersonen og kjærasten.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida