Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

I samfunn med Satan

Syndebukken er ein djuptborande tekst om grunnlaget for sosial orden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
René Girard (1923–2015) var professor på Stanford-universitetet. I 2005 vart han vald inn i Académie Francaise.

Foto: frå forlaget

3758
20210122
3758
20210122

Essay

René Girard:

Syndebukken

Omsett av Thomas Lundbo
Etterord av Ida Lødemel Tvedt
Teori og praksis

Korleis folk organiserte seg i statar, og kvifor dei gjorde det, har kanskje ikkje vore noko stridsspørsmål for ålmugen, men somme har lenge forstått at dette er noko som er heilt sentralt for forståinga av mennesket. Ser ein bort frå det teleologiske synspunktet, altså det som seier at utviklinga av til dømes statar har eit mål og er del av ein plan som vart tenkt ut av ein skapande instans, er det ikkje så mange truverdige hypotesar å velja mellom.

Thomas Hobbes kom i si tid fram til at for å forstå at samfunnet er organisert i statar, måtte ein tenkja seg det utan statsdanning, i ei stode han kalla naturtilstanden. I denne hypotetiske situasjonen, der det altså ikkje var noko hierarki frå før, meinte Hobbes at ein berre kunne unngå at alle kriga mot alle, ved ein samfunnskontrakt. Men den franske filosofen René Girard fann i boka Syndebukken eit anna grunnlag for organisering av samfunnet, og det i noko ein ikkje skulle tru hadde nokon slik verknad, nemleg det kollektive mordet.

Syndebukkmentalitet

Det kollektive mordet kom av det Girard i boka kallar syndebukkmentaliteten. Ein finn saman ved å gje andre skulda for eitkvart. Innleiinga til dette er det som vert kalla mimesis, altså imitasjon eller herming. Girard drøfter dette som fenomen med vaksne aktørar, men herminga er jo den første eigentlege intellektuelle kontakten eit menneske har med eit anna: Me kommuniserer ved herming. Og herminga held fram, me lærer oss å lika eller mislika det eine og det andre ved døme, me ser opp til nokon og vil vera som dei og ha det dei har, men det er jo dei som har det, og såleis oppstår ein konflikt. Denne løyser me ved å gjera den som står i vegen for oss, reelt eller innbilt, til ein syndebukk.

Girard meiner i boka å ha funne slike mekanismar bak all statsdanning og i alle menneskelege fellesskap, dei vart til ved utpeiking av ein syndebukk. Girard definerer samfunna slik i boka: «De er alle eksempler på Satans rike.»

Folkeforføring

Å lesa denne boka i januar 2021 gjer i alle høve denne lesaren merksam på eit spesielt moment, og det er at ein alltid les ein tekst av nokon verdi i lys av eitkvart ein er oppteken av, og just no har det vore tumultane etter det amerikanske valet. Mykje av det Girard seier i byrjinga av boka om heksejakt, syndebukkar, forfølging og blinde folkemengder, er rykande aktuelt og grundig eksemplifisert gjennom dei hendingane me no har vore vitne til. Girard seier at bedrageriet og folkeforføringa ikkje ville ha vore mogleg å få til «hvis ikke de som organiserte disse bedragene rådde over en folkemengde som var mer enn villig til å la seg manipulere». Frå denne utsegna mintest eg noko Gustave Le Bon skreiv i boka Massenes psykologi i 1895: «Det er like umulig å kjempe imot massenes overbevisninger som mot sykloner.»

Men dette er på sida av temaet til Girard, sjølv om den som vil leita etter fleire parti som identifiserer samtida presist, endå boka kom ut i 1982, ikkje leitar til fånyttes. Syndebukken er utfordrande og til tider polemisk, ikkje minst mot vitskapen, og Girard bruker mykje plass til å gå i rette med kritikarar som lesaren berre anar som skuggebilete i Platons hole. Men teksten er heile tida interessant, godt omsett av Thomas Lundbo, og etter enda lesing står det berre éi gåte att: Korleis i all verda kunne aztekarane kjenna til tigeren?

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Sidan Ida Lødemel Tvedt og Odd W. Surén båe er faste skribentar i Dag og Tid, er ikkje etterordet meldt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Teksten er heile tida interessant, godt omsett av Thomas Lundbo.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis