Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Livet er alltid i rørsle

Ein, ingen og hundre tusen er ein sprell levande roman om den uvisse identiteten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Luigi Pirandello vart fødd på Sicilia i 1867 og døydde i Roma i 1936.

Foto: Wikipedia

3709
20201211
3709
20201211

Roman

Luigi Pirandello:

Ein, ingen og hundre tusen

Omsett av Kristin Sørsdal
Skald

Du er éin slik du ser deg sjølv, og ein annan slik andre ser deg, endåtil ein ny slik annan for kvar av dei andre. Denne oppdaginga gjer eg-personen Vitangelo Moscarda i romanen Ein, ingen og hundre tusen av Luigi Pirandello. Boka kom ut på italiensk i 1926, og er no sjølvsagt ei anna, i og med at ho kjem på norsk i 2020, samstundes som ho er den same, men på norsk er ho ikkje lenger ingen.

Identitetskrise

Tildrivet til den store oppdaginga som gjer Vitangelo Moscarda galen, er at kona hans, Dida, som kallar han Gengè, informerer han om at nasen hans er skeiv, noko han sjølv aldri har lagt merke til. Han lyt innsjå at ho har rett, og denne påpeikinga vert innleiinga til ei djup identitetskrise.

Her kan ein jo tenkja at det er illusjonen om det perfekte som først får seg ein knekk, og eg minnest noko frå eit kåseri av Ingvar Moe, der han seier at han mange gonger har trudd han har funne den perfekte kvinna, men då han kom nær nok, såg han at «hu hadde ei skeive tådn», men hjå Moscarda stikk det endå djupare, naturlegvis av di den nye kunnskapen gjeld han sjølv.

Han innser at han ikkje veit kven han er, og at han ikkje kan vita dette. Ikkje kan han observera seg sjølv heller, for då vert han påverka av observatøren, og han kan ikkje sjå livet sitt, for det er alltid i rørsle. Her, i ei komisk framstilling, er Pirandello interessert i meir enn eit filosofisk studium av eksistensen. Fenomenologien møter psykologien og sosialantropologien i ein stakkar som er råka av innsikt, og slikt skal stakkarar akta seg for.

Vitangelo Moscarda har arva ein bank etter far sin, og banken lever godt utan innblanding frå eigaren. Men no kjenner han seg tydelegvis inspirert til aktivitet, om enn berre for ei kort stund. Han legg seg opp i drifta og gjer ein del irrasjonelle val, og omverda tek til å sjå på han som galen.

Fleire versjonar

Under det nye paradigmet opplever Moscarda dei mange versjonane av sin eigen personlegdom, slik andre ser han, som røynlege, for dei er jo det for dei som kjenner slike versjonar, og berre slike. Mellom anna innser han at den tufsen Dida kallar Gengè, verkeleg er ein slik tufs, men han er ikkje Vitangelo Moscarda, ikkje slik han meiner å sjå seg sjølv. Men kva ser han vel eigentleg når han ser Vitangelo Moscarda? I grunnen er han også mange personar i si eiga erkjenning, noko som kjem fram då han ein dag går ein lang tur med hunden til familien Moscarda, og ute på landet kjem til å gje dyret eit spark. Men det var det jo ein lømmel på landet som gjorde, og ikkje den fine bymannen Vitangelo Moscarda!

No kan ein kanskje tru at denne romanen, som filosoferer over kva identitet er, må vera tørr og teoritung, men Pirandello unngår det av di han ikkje presenterer Moscarda som ein intellektuell. Her er ingen sitat frå høgdepunkt i verdslitteraturen, men beint fram opplevinga til hovudpersonen, skildra med alminnelege ord som er fullt ut tilstrekkelege. Likeins, men sjølvsagt litt annleis, er det i den fine omsetjinga til Kristin Sørsdal. Det er som om romanen høver ekstra godt på norsk, der lesaren, inspirert av initialane til hovudpersonen, er med han i VM i mangekampøvinga Vitangelo Moscarda, både åleine og som ein av hundre tusen lesarar. Men også ikkje i det heile, for Vitangelo Moscarda er jo, når alt kjem til alt, oppdikta. Just som lesaren.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

No kan ein kanskje tru at denne romanen, som filosoferer over kva identitet er, må vera tørr og teoritung, men Pirandello unngår det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis