No skal du høyra
Per Schreiner er ein sikker formidlar av smått og stort.
Per Schreiner har skrive for film, radio, TV og scene. I 2015 debuterte han med ein roman. No har han skrive forteljingar.
Foto: Paal Audestad
Forteljingar
Per Schreiner:
Fra sikre kilder
Tiden Norsk Forlag
Røynsla har falle i kurs, skreiv Walter Benjamin som ei forklaring på kvifor det stod så dårleg til med forteljekunsten. I den kunstnarleg ambisiøse skjønnlitteraturen kjennest det stundom som om forteljinga vert rekna som litt mindreverdig, teksten ligg så å seie føre, fullt ferdig, og ventar berre på at forfattaren skal ta jobben som skrivar. Forteljaren er såleis meir formidlande enn skapande.
Slike tankar trur eg ikkje Per Schreiner bryr seg om, og godt er det. Han går rett på sak i den nye boka si, og serverer den eine korte soga etter den andre, tidt verifisert ved merknader om kjeldene boktittelen nemner.
Mange livsaspekt
Her får me høyra om mange aspekt ved menneskelivet, men kvar tekst har berre plass til eitt eller to, slik at personane tekstane presenterer, sjeldan vert anna enn pussige rekvisittar i sitt eige liv. Men det gjer ikkje noko, forteljingane insisterer på det eine momentet, stundom ein augneblink, andre gonger ei stor vending.
Her kan me lesa om ein religiøs fanatikar som prøver å framskunda dommedag ved å gjera verda verre, ein prest som etter eit hjerneslag vert kurert for tvil, og ei kvinne som gjennom mange år, med nokre opphald, har sendt forfattaren kjærleiksbrev, utan å røpa identiteten sin. Å ha ein slik personleg amorøs korrespondent frå ørkenen Inkognito er både spennande og skummelt, men forfattaren ser ut til å ha takla situasjonen bra.
Slik eg tolkar dette særhøvet, er han ein ho har plassert på ein privat reservebenk, der du radt skal sjå at det sit fleire. Men no har ho ikkje sendt noko på tolv år, og forfattaren saknar desse breva, så om ho er i live, og ser denne bokmeldinga, tykkjer eg at ho skal setje seg ved skrivebordet, høyra litt på songen «Är du kär i mej ännu, Klas-Göran» med Lill-Babs, og senda han Per Schreiner nokre varme ord. Om ho ikkje er i live, treng ho ikkje bry seg.
Oppdikta journalistikk
Nokre av tekstane vekkjer ekstra interesse, som den om ein journalist i ei lokalavis. Just som med notisskrivaren i romanen Pölsan av Torgny Lindgren, syner det seg at hendingane journalisten har skrive om, er oppdikta. Denne vesle saka får eit løft ved at Schreiner har lagt merke til ho, slik han har bite seg merke i så mange andre, til dømes ei forsvinning der personen som vart vekke, vert kommentert med desse orda: «Han har ikke etterlatt seg noe tomrom.» Schreiner legg ikkje noko til, og utsegna står dess sterkare.
Nokre gonger får dei upretensiøse forteljingane lesaren til å hugsa eitt og anna som elles er arkivert i gløymeboka, til dømes forteljinga om ein svensk gartnar som reetablerer ein skog åleine. Det minte meg på den kanadiske animasjonsfilmen The Man Who Planted Trees, der just ein mann åleine gjer eit ørkenlandskap om til eit frodig økosystem. Og sanneleg fann eg filmen att på YouTube! Slik kan det vera når ein får små og store soger frå den kvardagen ein elles er blind for, presenterte av ein forfattar som har auga for det småpussige som ovrar seg utan dramatiske effektar.
Og sjølv om denne boka ikkje ser ut til å vera motivert av gigantiske litterære ambisjonar, kjem lesaren stundom i tankar om nokre av tekstane til Jorge Luis Borges, og somme av breva i den nydelege boka Klage av Inghill Johansen, slik at lysta til å lesa desse verka om att, vaknar. Det må då vera ein god attest for forteljingane til Per Schreiner.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.