Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om mennesket, mest på vondt

Hermann Ungar skreiv beiske tekstar utan medkjensle og sosial ornamentikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Så langt er tre av bøkene til Hermann Ungar  (1893–1929) omsette til norsk.

Foto: Wikipedia

3590
20180608
3590
20180608

Forteljingar

Hermann Ungar:

Gutter og mordere

Omsett av Sverre Dahl
Teori & Praksis Forlag

Tidt høyrer ein ordet menneskeleg nytta som synonym for nestekjærleik og offervilje, men dette er, som dei fleste nok veit, ikkje heilt korrekt. I boka Gutter og mordere – og andre fortellinger av Hermann Ungar, som delte både språk, generasjon, nasjonalitet og etnisk bakgrunn med Franz Kafka, er det helst andre sider av det menneskelege som kjem i fokus. Den første delen, med to lange forteljingar som utgjorde debutboka til forfattaren, skildrar det vonde i mennesket, hjå individ som sjølve ikkje har opplevd noka form for kjærleik.

Stringent

I den første forteljinga møter me ein mann som skriv om oppveksten sin, på ein kombinert barne- og aldersheim. Der fanst ei tenestejente, den mutte og truleg stumme Stasinka, som vart objekt for dei gryande seksuelle fantasiane til den unge guten. Utan trege skriv han om brotsverk han gjorde, drap, tjuveri og freistnad på valdtekt, og framstillinga er nøktern i ein slik grad at ein undrar seg meir over at otten for følgjene vantar, enn over skorten på medkjensle. Handlingane får då heller ingen konsekvensar for hovudpersonen, han stel seg til velstand, han kjem til Amerika og gjer det godt der, og det er kanskje det mest plausible ved heile forteljinga. Om ein vil (og det vil ein), kan ein lesa denne forteljinga som ein tidleg kritikk av menneskesynet som kan sikra ein suksess i The land of filth and money, eller kva dei no kallar landet sitt der vest. Teksten er stringent og gjennomtenkt, om det heile enn løyser seg litt opp mot slutten, noko Bernhard Ellefsen i det informative og gode etterordet skriv at også Thomas Mann kommenterte i si tid.

I den andre lange forteljinga møter me også ein kar som skildrar oppveksten sin, fram til tidspunktet der han vart drapsmann. Han har ikkje møtt mykje kjærleik og er ikkje viljug til å gje frå seg noko av det slaget heller. Det verste i livet hans var og er at han ikkje kunne leva opp til forventningane han hadde til seg sjølv. Han hatar og vanvyrder all misvekst og veikskap, ikkje minst den han finn i seg sjølv, og dette hatet rettar han utetter ved mellom anna å pina dyr, og innetter ved askese og sjølvpining. Også denne forteljinga er skriven konsekvent og effektivt. Han som skriv, gjer det ikkje for å bortforklara noko, her finst ingen ornamentikk, korkje språkleg eller sosialt, eller, med andre ord: Han bryr seg ikkje om slikt me no kallar å vera politisk korrekt.

Skisseprega

Dei andre tekstane er meir skisseprega, som Ellefsen også skriv i etterordet, med eit unnatak i forteljinga som har tittelen Colberts reise. Elles vil eg nemna at den korte teksten om ein gut som var sikker på at han skulle verta skodespelar, og som av kameratane fekk tilnamnet Mellon, også er interessant, om enn ikkje av den grunnen eg vil komma inn på her. Namnet Mellon kjem dei nemleg fram til frå ordet mello, som det vert lista opp mange definisjonar på. Men lite visste Hermann Ungar då at Mellon er det alviske ordet for venn, og at ordet, sagt i rette tid, kan opna steindørene i Moria. Men slik er det.

Boka er på vesentlege punkt tidlaus og dermed alltid aktuell. Det er rett nok ikkje litteratur som kan gje lesaren eit lyft, dette, men heller det ein på hoppspråket kallar bakvind. Det er vel diverre difor tekstane verkar så ekte og truverdige.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka er på vesentlege punkt tidlaus og dermed alltid aktuell.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis