Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Ottomanernes Skræk og Gysen»

Kutta den norske sjøhelten Cort Adeler av hovudet på ein osmansk admiral, eller gjorde han det ikkje? Ein ny biografi har svaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cort Adeler, ridder av Venezias St. Markus-orden, med rustning og medaljane tydeleg syn­­lege ved sida av seg. På golvet til høgre synest våpenskjoldet med bilete av eit avkappa hovud.

Målarstykke av Karel van Mander

5321
20181221
5321
20181221

Biografi

Ole Henrik Gjeruldsen:

Cort Adeler. Sjømann og krigshelt fra 1600-tallet

Cappelen Damm

Cort Adeler (1622–1675) er ikkje kjend i dag, om så det finst gater i norske byar kalla opp etter han. Men mellom historikarar har han vore eit heitt namn, for han er assosiert med ein anekdote som overgår det mest fantastiske som finst av krigssoge knytt til ein nordmann: Som kaptein på det nederlandsk-venetianske skipet «San Giorgio Grande» deltok Adeler i eit sjøslag mot den osmanske flåten 17. juli 1657 ved Dardanellane. I dette slaget skal Adeler ha hoppa over i galeien til den osmanske admiralen Ibrahim og eigenhendig kappa av hovudet på pasjaen (admiral på tyrkisk) med eitt einaste sabelhogg.

På nederlandske nettstader står det at denne historia er rein fantasi, men i ein ny biografi som har kome ut, Cort Adeler. Sjømann og krigshelt fra 1600-tallet, argumenterer Ole Henrik Gjeruldsen for at hendinga verkeleg har bore til.

Under den heite sola

Før vi kjem så langt, skal vi stutt greie ut livssoga til sjøhelten: Curt Søfrensen, som dåpsnamnet lydde, var fødd på Brevik, som hadde stor trelasthandel med stormakta på 1600-talet, Nederland. Søfrensen reiste ned til handelsmakta og gjorde karriere i den nederlandske marinen. Der vart namnet «fornederlandska» til «Coert Siewertz», og han fekk tilnamnet Adelsborst, som seinare vart endra til Adeler.

Adeler vart kaptein på si eiga skute, som vart innleigd av republikken Venezia som var i strid med Det osmanske riket. Venetianarane såg med uro at «stortyrken» erobra venetiansk land i Middelhavet, som øya Kreta. Og dei rette merksemda mot staden der osmanane var mest sårbare: det smale sundet som skil Asia frå Europa, Dardanellane, utløpet til Egeerhavet. Dei ville stogge tyrkarane før dei nådde ut til dei venetianske øyane i aust.

Det er her, under den heite sola i Egeerhavet, at Cort gjorde storbragdene sine. I eit slag ved Dardanellane i 1654 søkkte han heile 15 osmanske galeiar. Adeler vart lønt med St. Markus-ordenen, det var unikt for ein utlending i Venezia den gongen.

Helten vi ikkje fekk

Ein nordmann på ei nederlandsk skute i venetiansk teneste som gjorde heltedådar i tyrkisk farvatn. Ikkje rart han ikkje er kjend i Noreg. Men då sjansen kom til å bli ein dansk-norsk helt, slo alt feil.

Den dansk-norske kongen Frederik 3 var nemleg snar til å lokke Adeler heim og tilsetja han som generaladmiral. Sjansen til å vise heltedådar baud seg då det braut ut krig mellom Danmark-Noreg og Sverige i 1675. Adeler førte flåten ut i Austersjøen, men på grunn av hauststormar stakk svenskane attende til hamnene. Adeler heldt stand ute på bylgjene, det braut ut tyfus om bord og helten vart smitta. Adeler døydde rett etter i København, 52 år gamal.

Men som Ole Henrik Gjeruldsen skriv i biografien: Adelers innsats for å atterreise den dansk-norske flåten er undervurdert. Flåten talde 17 orlogsskip då Adeler overtok ansvaret. Takk vere Adeler vart marinen utvida med over 30 skip.

Blodig banehogg

Men slik «prosaisk» fornyingsarbeid blir det ikkje skrive heltedikt om. Dikta som finst om Adeler, knyter seg til sigeren over pasjaen Ibrahim, som attpåtil visstnok var mågen til to osmanske sultanar. «Den vilde Kamp, da du kløvede Halsen paa den store Herres Svoger, og Sultan Ibrahim, som først rammede dig med et Saar, faldt og fik den sørgelige Død til Løn», heiter det i eit dikt om «Ottomanernes Skræk og Gysen» frå Adelers eiga samtid. Bernhard S. Ingemann tok opp historia i Julegave. En Samling digte (1816): «Paa Dækket der faldt et Hoved saa brat – Det tabte den tyrkiske Kæmpe». Vel, litt av ein boktittel for eit blodig dikt, men så er salmediktaren kjend for ein heilt annan type songar, vi syng nemleg i denne tida av året hans «Deilig er jorden».

Men er historia sann? På nederlandsk Wikipedia står det at Adeler er kjend i Noreg på grunn av den romantiske Ingemann, som ikkje var så nøye med sanninga. Men Gjeruldsen argumenterer for at banehogget verkeleg skjedde. For det fyrste er Adelers våpenskjold prydd med eit avhogd hovud, og ein osmansk standart, som Cort fekk med seg frå slaget, bar namnet Sultan Murad, altså ein av sultanane Ibrahim var mågen til. For det andre melder samtidige dikt og ein venetiansk rapport frå kampen om banehogget.

Slavehandel

Gjeruldsen skriv overtydande og innsiktsfullt. Men det finst nokre upresise detaljar: Nederlendarar henta ikkje kaffi frå Indonesia på 1600-talet. Kaffi er opphavleg frå Den arabiske halvøya, og det var fyrst i hundreåret etter at nederlendarar dyrka kaffi i øyriket. «Noen moralske skrupler over å ta del i slavehandelen forekom ikke på 1600-tallet», skriv Gjeruldsen om Adelers engasjement i dansk-norsk slavehandel. Om mange kjøpmenn ikkje hadde skruplar, fanst det motstand mot slavehandel hjå geistlege i europeiske land. Eit døme er portugisaren Antônio Vieira.

Men trass i dette: Gjeruldsen har gjort eit imponerande granskingsarbeid. Boka er ei innføring i ikkje berre eit fascinerande liv, men òg ein tidsperiode.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Gjeruldsen har gjort eit imponerande grans­kingsarbeid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis