Bob Dylan då han spelte i Drammenshallen i 1981.
Foto: Ann Dahl / NTB scanpix
DEN KRISTNE DYLAN
Ein ny dokumentarfilm syner gløymde opptak frå Bob Dylans kristne periode. Frå 1979 til 1981 gav han ut ein kristen trilogi, og denne perioden vert skildra i filmen som får premiere 2. oktober på New York Film Festival, skriv Politiken.
I 1979 byrja Dylan å opptre i mindre salar i staden for på store stadion. Lyden var annleis, og klassikarane hans var borte. No handla det om kristenrock og gospel. Afroamerikanarar song i kor, og på plata Slow Train Coming syng Dylan: «Well it may be the devil or it may be the Lord/ But you’re gonna have to serve somebody».
Reint musikalsk kraup Dylan til krossen då han gav ut Slow Train Coming, Saved og Shot of Love. Åra vart kalla The Born Again-perioden og vert skildra i dokumentaren Trouble No More. I filmen er det opptak frå tre konsertar i USA og Canada.
STIPEND TIL HÅHEIM
Bjørnsonstipendet i år går til Marianne Clementine Håheim, som debuterte med diktsamlinga Bilydar i 2012. Fire år seinare kom Svart belte som har både fridom og undergang i seg.
– Det er gjennom detaljar i språket og i eit vakkert, poetisk overblikk Håheim løftar sjukdomshistoria opp til å verta noko som er både godt og vondt å lesa, meiner Eirik Ingebrigtsen, leiar i Det litterære råd i forfattarforeininga.
Bjørnsonstipendet vert delt ut 6. september.
MÜHLEISEN PÅ TYSK
Wenke Mühleisens roman Kanskje det ennå finnes en åpen plass i verden har vekt interesse i Tyskland og Austerrike. Fleire forlag har vore interesserte i å gje ut boka, og bodrundane har vore intense, melder Gyldendal.
Forlaget Zsolnay vann kampen. Boka skal koma på tysk i januar 2019 og skal vera hovudsatsinga for forlaget denne våren. Forlaget har distribusjon i alle tyskspråklege område.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.
Skjermdump
Klede
På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede.