Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Høgreekstremisme frå innsida

Reportasjeboka Alt du elsker, skal brenne gir eit innsideblikk på amerikansk høgreekstremisme, men manglar eit overblikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
National Socialist Movement er ei av dei høgreekstreme gruppene som journalist Vegard Tenold Aase har følgt.

Foto: Kiichiro Sato / AP / NTB scanpix

4933
20191025
4933
20191025

Sakprosa

Vegard Tenold Aase:

Alt du elsker, skal brenne. På innsiden av den hvite nasjonalismens gjenfødelse i USA

Omsett av Morten Hansen
Cappelen Damm

Då den norske journalisten Vegard Tenold Aase byrja å oppsøke høgreekstreme miljø i 2010, var dette eit fenomen som knapt var marginalt. Det han møtte, var små og uorganiserte grupper heilt i utkanten av det amerikanske samfunnet. Eit knapt tiår seinare har biletet endra seg. Ein auke i høgreekstrem vald, framveksten av eit høgreekstremt økosystem på internett og ein amerikansk president som spreier bodskapen sin via sosiale medium, har løfta fenomenet inn i mainstream-politikken.

Sjølv om dei tre organisasjonane som Aase har oppsøkt, Ku Klux Klan, National Socialist Movement og Traditionalist Workers Party, framleis er marginale, vert boka såleis ein road trip gjennom nokre av dei mest dramatiske åra og eit av dei mest interessante fenomena i nyare amerikansk politikk.

Menneskemøte

Innleiingsvis skriv Aase at han ikkje hadde som mål å forklare høgreekstremismen, men å forstå menneska som vart dregne mot han. Samstundes stiller han eit spørsmål ved om det i det heile tatt går an å vere ein nøytral og objektiv observatør i høve nynazisme. Svaret vert uavklart gjennom heile boka. I dei faktiske møta med menneska klarer Aase å la dei få kome til orde på ein ofte interessant måte. Men i forlenginga klarer han ikkje alltid å la vere å kommentere sin eigen tekst, særleg når han kan påpeike at ekstremistane tek feil.

Samstundes vert Aase påfallande stille dei gongane personane han har fått i tale, påpeikar klare feil og manglar ved både det amerikanske samfunnet og den vestlege liberalismen. Det vert nokså tidleg i boka klart at dette ikkje er vinnarane i det amerikanske samfunnet. Sjølv hovudpersonen, Matthew Heimback frå Traditionalist Workers Party, som har middelklassebakgrunn og universitetsutdanning, er ein som slit med å kjenne seg heime i eit amerikansk samfunn som har endra seg i ei rasande fart.

For dei fleste av personane vi møter i Alt du elsker, skal brenne, er det tydeleg at dei høgreekstreme rørslene først og fremst gir dei noko å halde fast i, noko som kan gi livet deira eit haldepunkt når det meste rundt dei er i drift. Dette er i og for seg viktige innsikter, men også ein stad der denne boka kjem til kort, fordi ho ikkje prøver å sette dette inn i ein større historisk samanheng.

At uavgrensa individualisme fører til sosial oppløysing og mangel på fellesskap har alltid vore den mest potente kritikken av liberalismen, frå motopplysningsfilosofane på 1800-talet til dei totalitære og autoritære rørslene og ideologiane i det 20. og 21. hundreåret. Spørsmålet er så kva ein skal gjere med denne innsikta. Kan det moderne, multikulturelle samfunnet gje desse personane ein heim – ein fellesskap – som dei vil verte nøgde med? Her etterlèt boka fleire spørsmål enn svar.

Ikkje reelt trugsmål

Ein klar konklusjon er at menneska Aase har møtt, ikkje representerer eit reelt trugsmål mot det amerikanske demokratiet. Men dei representerer eit ordensproblem i form av individuell politisk vald mot politiske motstandarar og minoritetar. Dette vert ikkje minst synleg gjennom at Aase stadig deltek på møte med eit høgt konsum av alkohol, der rus ofte verkar å vere enten eit hovudmål i seg sjølv eller ei førebuing til å slåst med politiske motstandarar. Valdsbruken har såleis meir ein sosial enn ein politisk funksjon, noko som i seg sjølv avgrensar det politiske maktpotensialet til desse gruppene. Slåsting har avgrensa politisk appell.

At dei samstundes ikkje klarer å halde større avstand til den fascistiske arven, verkar i same retning. Sjølv om til dømes National Socialist Movement har prøvd å omskape seg i ei meir «moderat» retning, vert det nesten umogleg så lenge medlemmane framleis har synlege tatoveringar med hakekors.

Når Aase prøver å dra desse saman med eit større heile, vert det ikkje utan vidare overtydande. Er verkeleg menneska og rørslene han har møtt, «meg eller deg (…) hver og en av oss»?

Det er også problematisk når han hevdar at skilnaden mellom desse rørslene og til dømes Pat Buchanan og Jordan Peterson berre er i kor stor grad desse klarer å skjule dei rasistiske teoriane i «pseudovitenskapelige forkledninger».

Sjølv om dei uttrykker ei kjensle av fellesskap med Trump og meir vellukka nye og alternative høgre-rørsler som har vakse fram rundt til dømes Breitbart, The Alex Jones Show og så bortetter, er det klart at Matthew Heimbach og dei andre som Aase har møtt, framleis – i beste fall – eksisterer i den yste utkanten av det amerikanske samfunnet.

Nikolai Brandal

Nikolai Brandal er førstelektor i internasjonale studier ved Bjørknes Høyskole.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Er verkeleg menneska og rørslene han har møtt, «meg eller deg
(…) hver og en av oss»?

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis