Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Karibisk kvardagsklassikar

Simone Schwarz-Bart har skrive ein klassikar om liv og lagnad på Guadeloupe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Simone Schwarz-Bart skildrar kvardagen i landet ho kjem frå.

Foto: Sophie Bassouls / Bokvennen

3623
20171229
3623
20171229

Roman

Simone Schwarz-Bart:

Regn og vind over Télumée Mirakel

Omsett av Synneve Sundby
Bokvennen Forlag

Guadeloupe er ei lita øygruppe i Dei små Antillane, ein fransk region som har fostra store personlegdomar som sprintaren Marie-Jose Peréc og komikaren Johan Golden, men også forfattaren Simone Schwarz-Bart som i 1972 kom ut med boka om kvinna Télumée. Etter berre 45 små år, eller 540 korte månader, ligg ho no føre på norsk.

Romanen byrjar med nokre av formødrene til Télumée, men utan å nemna årstal eller historiske koordinatar. Den ekstremt velinformerte lesaren veit likevel at handlinga byrjar ein gong etter 1848, for det året avskaffa Frankrike slaveriet i koloniane. Hovudpersonen i romanen, og dei ho lever med, er nok for det meste av afrikansk opphav, men dei ser ikkje ut til å bry seg om dei historiske linene. Dei lever for det meste her og no, i ein kultur der fortida kjem indirekte til uttrykk i det rike og fascinerande språket. Replikkvekslingane er stundom som eit møte mellom Sokrates og Zarathustra, men det er døme på og frå ein skriftlaus litteratur, ein rik oralkultur der ordtaksspørsmål og orakelsvar vekslar med orakelspørsmål og ordtakssvar. Om presentasjonen av denne språklege praksisen er eit viktig poeng for forfattaren, veit eg ikkje, men for meg er det i alle høve slåande at dei fattige på Guadeloupe, truleg for meir enn hundre år sidan, var antitesen til nordmenn i mi tid: Dei vanta skulegang, men hadde danning.

Arbeid og oppvekst

Kor som er, me får vera med og hjå Télumée i arbeid og oppvekst, og gjennom vaksenlivet der ho tidleg vert gift med den gåtefulle plankesagaren Élie. Giftarmålet vert til på ein måte som diplomatisk uttrykt kan skildrast slik: Seremoniellet som konstituerer partilhøvet, vert ikkje trenert med formalitetar. Samlivet mellom dei to går snart dårleg. Det kjem av at økonomien der dei lever, er lite robust. Dårleg vêr ein vår er eit trugsmål mot eksistensen, ingen kjøper det Élie produserer, og han satsar på ein ny karriere: Han slår seg på fylla. I tillegg slår han Télumée. Men ho er sterk og tapper, ho kjem seg laus frå det vonlause samlivet og etablerer seg etter kvart på nytt.

Eksotisk

For ein lesar i Noreg i 2017 er denne romanen i mangt og mykje eksotisk, endå om han handlar om traudige kvardagar. Men under det framandarta er det meste også attkjennande. Romanen har ein del drag sams med det nordlandske universet hjå Hamsun. Båe stader er språket rikt, og personane ser seg nær sagt som stjernebilete på himmelen, og der er mystiske samanhengar i naturen. Men der nordlendingane hadde Bibelen som utgangspunkt, har dei på Guadeloupe den munnlege tradisjonen, knytt til eiga soge. Dei er religiøse utan religion, andeverda vert rekna som eit faktum, og verkar, som i all religion, som eit ordnande prinsipp utan krav om å vera etterretteleg, men med veldig spirituell placeboeffekt. Ein annan skilnad er at Télumée og dei andre ikkje lever i ein «varpøkonomi»; dei kan ikkje komma ut av armoda ved eit heldig notkast eller liknande. Men det ser ikkje ut til å plaga dei. Føresetnadane er som dei er, vona er korkje oppdaga eller funnen opp, og ho er såleis heller ikkje sakna. Eg trur beint fram at Télumée, som gamal dame mot slutten av boka, så å seie er lukkeleg. Trass i mange trasige minne og triste opplevingar har ho såleis vore triveleg selskap, ikkje minst i alle trivialitetane.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For ein lesar i Noreg i 2017 er denne romanen i mangt og mykje eksotisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis