JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Det ligg i fingrane

Utstillinga viser ni kunsthandverkarar frå Innlandet, som alle har merkt seg utover landegrensene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Midt i galleriet buktar dei keramiske figurane til Torbjørn Kvasbø seg oppover med ei røff utforming som skil seg ut frå dei andre verka i utstillinga.

Alle foto: Frank Furseth

6237
20240823
6237
20240823

Utstilling

Galleri Ullinsvin, Vågå

Håndlagde historier

22. juni–8. september
Kurator: Ingrid Blekastad
Kunstnarar: Ragnhild Enge (tekstil), Inga Blix (tekstil), Vidar Koksvik (glas), Kari Håkonsen (glas), Kari Mølstad (glas), Torbjørn Kvasbø (keramikk), Tor Alex Erichsen (keramikk), Liv Blåvarp (smykke av tre) og Ingun Kleppan (smykke av metall)

I fjor haust vart utstillinga «Håndlagde historier» vist i Masovian Museum i Plock i Polen, der ho fekk stor merksemd. No er utstillinga sett opp i Galleri Ullinsvin. Galleriet ligg vakkert til med utsyn over Vågå sentrum. For å kome hit går vi over tunet til ein vakker, gamal prestegard med tretten lafta bygningar. Sjølve galleriet skil seg ut som eit moderne tilskot. Vi går inn gjennom ei vid dør, og inn i eit stort og avlangt visingsrom. Rommet er fylt av store keramiske installasjonar, tekstilar, smykke og glaskunst, til saman 48 arbeid.

Handlaga historier

Den første tanken som fell inn i hovudet mitt i møte med «Håndlagde historier», er omgrepet taus kunnskap. Dette har eigentleg blitt eit moteord, eit ord eg nok ikkje er særleg begeistra for, men eg finn ikkje noko anna omgrep for å skildre den kroppslege kunnskapen, dette som ikkje heilt kan formidlast gjennom ord. Denne kompetansen meistrar ein gjennom handling og må øvast opp og utforskast i fysiske handlingar. Han må erfarast, følast og anast. Det er slik når to kokkar nyttar nøyaktig same råvarene og følgjer same oppskrift, og resultatet vert himmelvidt forskjellig.

Dei ni kunstnarane som er presenterte i denne utstillinga, viser på kvar sine måtar ein djup og intim kunnskap innanfor sine felt. Bak kvart av dei ferdigstilte verka ligg mange komplekse prosessar. Men kor mykje av kvalitetane ved verka får vi som publikum eigentleg med oss? For også det å sjå og verkeleg verdsetje desse verka krev noko av den kroppslege kunnskapen. Derfor er det vel verdt innsatsen å setje seg litt inn i måten verka vert til på. At ein som publikum veit noko om korleis ein blæs glasvasar, kvar utfordringane ligg, vil gjere sjølve opplevinga av glaskunst mykje rikare.

Brusande former

Berre sjå på glasvasane til Vidar Koksvik. Dei er enkle i forma, men frodige i mønstringa. Den heftige linjeføringa dannar virvlar og kast som minner om sjøsprøyt og opprørt hav, det er som om han har kapsla stormar inn i glasbehaldarane.

Vidar Koksvik: Alle vasane er utan tittel (2023). Blåse glas, fristil latticino-teknikk.

Ein av framgangsmåtane han har nytta for å få til uttrykket sitt, er ein fri variant av den gamle venetianske teknikken latticino, som kjem av det italienske ordet for mjølk, ein assosiasjon som passar fint til dei tynne, kvite strålane som vert danna. Medan dei gamle italienarane nytta latticino til å forme strengt symmetrisk organiserte mønster, dansar dei lyse trådane i hektiske rytmar over formene til Koksvik. I og med vasane er delvis gjennomskinlege, spelar mønstera på alle sidene av vasen saman i ein herleg kakofoni.

Halsklavar

Særleg smykkekunstnarane har halde seg i mindre format. Storleik er likevel relativt. Liv Blåvarps halsklavar i tre vert likevel digre mot ein kvinnehals. Smykka er utforma i tre, organiske og sensuelle, med forvitnelege titlar som Mørk Venus, Ras og Mørketid.

Blåvarp brukar ulike tresortar med stor kunnskap om materiale og teknikk. Då eg studerte smykka, vart eg nyfiken på dei mange ulike treslaga kvart smykke er bygd opp av. I tillegg til dei treslaga som veks utanfor atelieret, hentar ho inn mange andre. Til dømes er Mørk Venus laga av kirsebærtre, rispapir og ibenholt. Den svarte og harde ibenholten er eigentleg kjerneveden til fleire tropiske treslag. Eigenvekta er så høg at trebitane søkk i vatn. I verket Dyp har Blåvarp mellom anna brukt amarillo i endestykka. Dette er eit lauvtre i gravmyrtfamilien som veks i Sør-Amerika, særprega av ein delikat gyllen sitronfarge med brunlege striper.

Liv Blåvarp: «Dyp» (2024), 27 cm i diameter. Grønbeisa lønn, amarillo, bein og laminat av mahogni.

Det er vanskeleg å sjå seg mett på dei rike teksturane, dei smidige formene. Samstundes er dei ganske heftige til smykke å vere. Det er nok ikkje alle som vil våge å legge eit slikt skulpturelt objekt om halsen før dei går ut av huset.

Også Ingun Kleppan arbeider med smykke. Ho viser arbeid frå den omfattande serien sin som heidrar kjende kvinner. Eitt er tileigna Åse Kleveland, med ei bille innkapsla i epoksy som blikkfang. Eit anna er forma som kart over Svalbard, for å ære botanikaren Hanna Marie Resvoll-Holmsen, som gav ut den første floraen for Svalbard.

Med tanke på kor stor innsats Kleppan har lagt i smykka, er sjølve monteringa svak. Teksten til verka er trykt på gjennomskinleg plast, montert på papir og dekt av pleksiglas. Ei meir gjennomtenkt montering, der fontar, design og materialval kunne spele meir med, kunne ha løfta smykka mange hakk.

Målerisk med ull

Noko av det som gjorde mest inntrykk på meg, var dei tekstile bilda til Inga Blix. Ho fargar ullstoffet sjølv, og syr elementa saman for hand. I og med ho styrer innfarginga, kan ho skape tonar som elles ville vore uråd å få tak i.

Auga våre kan faktisk skilje mellom ufattelege ti millionar valørar. Dataskjermar er milevidt frå å representere så mykje som ein brøkdel av denne fargerikdommen, så denne sansen må vi trene opp eit godt stykke unna digitale reiskapar.

Blix har skapt ein velklingande, rik palett av fargetonar. Og ho er slett ikkje redd for å setje kraftige fargar opp mot kvarandre. Ho utforskar organiske former og lèt dei blomstre i overraskande komposisjonar. Den kunstnarlege leiken hennar med fargestemningar og kontrastverknader gir tekstilane eit målarisk uttrykk. På avstand oppfattar vi motivet, og går vi nærare, løyser formene seg opp i mjuke, flytande fargeflater.

Inga Blix: «Vintervindu» (2021), 96 x 108 cm. Sydd for hand med sjølvfarga ull. (Utsnitt)

Godt konsept

«Håndlagde historier» er laga med utgangspunkt i kunstnarar med tilknyting til Innlandet. Det er tankevekkande kor få spor vi finn av dei lange og solide handverkstradisjonane som finst i desse traktene, i dei ferdige arbeida.

Tidene endrar seg, men noko som bygger bru til fortida, er respekten for materiala og den kompromisslause kvaliteten på handverket. For utstillinga dannar ei mønstring av norsk kunsthandverk av særs høg kvalitet og minner om kor vitalt det gode handlaget er for den kulturelle arven vår.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Christiane Jordheim Larsen

Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Slaktetid

Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.

Skodespelarane er plasserte i ein kvit kube.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Den vanskelege, men nødvendige venskapen

I vårt sted byr på fint samspel i ein rik og lågmælt tekst, som kunne tent på å bli kutta litt.

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis