Gåter i stein
Kyrkjeeide-steinen vart funnen på slutten av 1800-talet og er teken vare på av Bergen universitetsmuseum. Originalen målte 120 x 45 x 6 cm.
Foto: Jarle Hessevik
Det er historisk sus over staden den store kvitmåla langkyrkja Nedstryn i Stryn står på. Her har kyrkjer vore reiste sidan 1200-talet, og arkeologiske utgravingar viser at også i førkristen tid var dette ein heilag stad. På sørsida rett utanfor gravplassen ligg eit synleg minne, nemleg ein kopi av Kyrkjeeide-steinen, som vart funnen her. Under steinen låg knoklar. Arkeologar meiner at dette kan vere eit gravminne for ei mektig kvinne.
Steinen er kjend for dei vakre og gåtefulle symbola som einkvan hogg inn ein gong for lenge sidan. Funnet er datert til bronsealderen (1700–500 f.Kr.) og er unikt, endåtil i heile Skandinavia.
Motiva er tolka som ein buktande orm, ein dolk, to øksar, tre krokar, ein sigd, ein kam, ringfigurar, ein trekant med frynser og to parallelle linjer.
Det er spennande å prøve å finne meining, ein bodskap i desse eldgamle teikna. Er det ein blome i midten – eller ei sol? Kva prøver dei å fortelje oss? Kan hende er dette avbildingar av dei gjenstandane som kvinna fekk med i grava? Liknande avbildingar av våpen finn vi på steinar frå område av det som i dag er Spania og Portugal. Ein hypotese er at denne kvinna kunne vere inngifta og tok med seg bildetradisjonar frå ein heimstad langt unna.
Vi kan kome med teoriar, men sikre svar får vi vel aldri. Likevel tilbyr steinen ei sjeldan glipe inn i eit tankesett som fanst nettopp her i oldtida. Sjølv om vi ikkje skjøner kva symbola skal fortelje, snakkar dei på sitt vis til oss, ikkje minst appellerer motivet til den estetiske sansen vår med den harmoniske komposisjonen og dei vakkert, mjukt forma figurane. Så kan vi fabulere vidare om kva gjenstandar som kan finnast att etter vår sivilisasjon, om tre tusen år frå no? Det kan godt vere at Kyrkjeeide-steinen er ein av dei.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.