Kunst landet rundt
Stillbilde frå filmen On Common Ground av Michelle Deignan.
Alternating Routes
Michelle Deignan
Tromsø Kunstforening, Tromsø
19. januar–10. mars
I samband med den årlege internasjonale filmfestivalen i Tromsø arrangerer kunstforeininga ei festivalutstilling med filmkunst. I år viser den irske, londonbaserte Michelle Deignan On Common Ground (2024), eit kostymedrama lagt til året 1837.
Elisabeth von Krogh. Retrospektiv/prospektiv
Haugar Kunstmuseum, Tønsberg
27. januar–20. mai
Stor og fargerik utstilling som viser dei ulike fasane til keramikaren.
Elisabeth von Krogh er kjent for krukker og vasar med fargerike mønster og leikne former.
Den omfattande mønstringa viser arbeid frå syttitalet til i dag, med vekt på dei ulike fasane i dette spennande kunstnarskapet.
Elisabeth von Krogh.
Foto: Bjørn Harstad
From Behind
Kjøpmannsgata Ung Kunst, Trondheim
2. februar–7. april
Menneska og dyra som Endre Aalurst skildrar i måleria sine, gøymer seg stillferdig vekk. Desse sjenerte, og kanskje skamfulle, typane vert skildra med både humor og varme.
I same visningsperiode kan vi sjå Mellom Rom, med grafikk av H.M. Dronning Sonja og Håvard Homstvedt. I tillegg er Bingohallen omgjord til ein park med stiar som slyngar seg gjennom høgt gras, ein installasjon av Per Stian Monsås og Mishi Foltyn.
Endre Aalurst.
Foto: K-U-K
Riss
Nils Aas Kunstverksted, Inderøy
3. februar–26. mai
Utstillinga tematiserer overgangen og møtet mellom kunst og illustrasjon med teikningar av Tina Jonsbu, Bendik Kaltenborn, Sunniva Krogseth, Kari Stai, Nikolai Torgersen og Nils Aas.
Kari Stai, «Åsted», 2024. Foto: Nils Aas Kunstverksted
Håkon Bleken
Galleri Bodøgaard
3. februar–24. mars
I samarbeid med Bodø2024 Europeisk kulturhovudstad viser galleriet måleri, kolteikning, pastell og grafikk av den nyslåtte 95-åringen Håkon Bleken. Den rikhaldige utstillinga spenner tidsmessig over meir enn femti år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.