JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Det vondes problem

Jordskjelvet i Lisboa skaka åndslivet i heile Europa, og avla god musikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jordskjelvet i Lisboa 1. november 1755 avbilda på eit kolorert stålstikk frå 1800-talet.

2934
20240628
2934
20240628

CD

Georg Philipp Telemann:

Donner-Ode

Solomon’s Knot; Les Passions de l’Âme; fiolin og leiing: Meret Lüthi. CPO 2024

Om føremiddagen alle­helgensdag 1755 råka ein av dei største naturkatastrofane som verdsdelen vår har sett, Lisboa. Eit kring fem minuttar langt jordskjelv med styrke 8,7 på Richters skala øydela den portugisiske hovudstaden mest fullstendig. I fyrste omgang førte det til bygningskollapsar og brannar. Folk flykta ned til hamna, der dei såg korleis havet trekte seg attende og den tørrlagde hamnebotnen gjorde gamle skipsvrak synberre.

40 minuttar seinare slo så ei veldig bølgje inn over byen. Bølgja sløkte rett nok brorparten av brannane, men reiv med seg den bygningsmassen som framleis stod. Nærare hundre tusen menneske døydde i dette skjelvet, som også var merkbart i Noreg. Bølgjene blei registrerte så langt unna som på Barbados i Karibia, noko som gjer det til den einaste kjende tsunamien som valda skadar på begge sider av Atlanteren.

85 prosent av Lisboa blei fullstendig rasert – dei kongelege palassa og biblioteka, det nyreiste operahuset og mest alle kyrkjene. Igreja do Carmo står framleis som kyrkjeruin i gamlebyen (sjå biletet under). Horestrøket i hovudstaden, Alfama, kom derimot rimeleg uskadd frå det heile.

Katastrofeode

Katastrofen skaka åndslivet i Europa – spesielt filosofien og teologien – heilt opp til Danmark-Noreg. Det vondes problem, altså spørsmålet om korleis ein god Gud kan tillata all verdas vondskap, blei brennaktuelt.

Teologen og salmediktaren Johann Andreas Cramer (1723–1788), som var hoffpredikant og professor i kong Fredrik Vs København, omforma Bibelens 8. og 29. salme til ein kunstferdig ode. Dette høgstemte diktet, som tematiserer Guds allmakt og evne til å herja med naturen og menneska, blei så året etter skjelvet tonesett av Georg Philipp Telemann (1681–1767) i Hamburg.

Paukesolo

Det gode vokalensemblet Solomon’s Knot og barokkorkesteret Les Passions de l’Âme kjem no med ei ny innspeling av Telemanns Donner-Ode (Toreoden), som alt i samtida blei ein publikumsfavoritt. Verket er luksuriøst instrumentert, med tre trompetar og høvesvis to horn, tverrfløyter og oboar, i tillegg til strykarane, noko som mogleggjer dramatiske tonemåleri.

Telemann uttrykkjer tsunamien med bølgjande strykartiradar i den fengjande tenorarien «Die Stimme Gottes erschüttert die Meere» (Guds røyst skakar havet). Men høgdepunktet på plata er framstillinga av sjølve skjelvet, i bassduetten «Er donnert, daß er verherrlichet werde» (Han tornar, for at han skal herleggjerast). Dei to bassbarytonane Johannes Wollrab og Olli Rasanen syng her lange trillar om kapp med den kvervlande paukesoloen – ei eineståande fantasifull instrumentering, som berre Telemann kunne funne på.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Kyrkjeruin etter jordskjelvet.

Kyrkjeruin etter jordskjelvet.

Foto: Randolph Croft

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis