Frå det heimsøkte fjellet
Big Thief-gitarist Buck Meek er aktuell med sitt tredje soloalbum.
I tillegg til solokarrieren spelar Buck Meek i andre band.
Foto: Shervin Lainez
Rock
Buck Meek:
Haunted Mountain
4AD / Playground
Meldinga er klar frå det heimsøkte fjellet i tittelsporet på Buck Meeks fine nye album Haunted Mountain: Eg kjem aldri ned igjen. Fjellet har lokka, og fjellet har fanga.
Fleire lesarar vil kjenne Meek frå Big Thief, bandet han var med på å starte opp saman med Adrianne Lenker og Max Oleartchik i 2015, året før dei platedebuterte med Masterpiece. Førre album, det doble Dragon New Warm Mountain I Believe in You, som kom i fjor, var deira femte og fekk eit par Grammy-nominasjonar.
Solokarriere
At Meek likevel har ein solokarriere gåande parallelt, er ikkje noko nytt – både han og Lenker har gitt ut fleire plater på eiga hand. Haunted Mountain er tredje album frå Meek, som også er å sjå mellom musikarane til Dylan i den nyleg utgitte konserten Shadow Kingdom.
Det er mykje nydeleg gitarspel på dette albumet. Er du som eg, frydar du deg når Meek kanaliserer Neil Youngsk elektrisitet på «Cyclades» og «Where You’re Coming From», for å nemne eit par døme. Sjølv den mest kortfatta biografien vil fortelje deg at denne fyren ikkje var gamle guten første gong han fekk ein gitar i hendene i oppveksten i Texas. I ung alder dukka han opp med instrumentet på den eine lokale klubben etter den andre, før studium følgde på Berklee College of Music, der han møtte dei han seinare skulle kome til å stifte Big Thief med.
Haunted Mountain er full av smakfulle musikalske detaljar, og det er sjølvsagt takka vere fleire enn Meek åleine. Klokkespelet på «Didn’t Know You Then» kiler mildt i øyra og kan fort sende tankane til Velvet Underground-klassikaren «Sunday Morning». Den modulære synthen som er så prominent i lydbiletet, er det Adrian Olsen som står for. Mat Davidson har produsert og dukkar opp på pedal steel-gitar.
Viktig samarbeid
Eitt samarbeid er likevel særleg viktig for dette albumet, nemleg det med låtskrivaren og artisten Jolie Holland, også opphavleg frå Texas, som har vore med på å lage fem av dei elleve songane. Mellom dei er tittelsporet, som også Holland har ein versjon av på si eiga plate som kjem seinare i haust, og som faktisk like godt har fått same tittel som Meeks. To stykk Haunted Mountain på eitt år, altså. Kvifor ikkje?
Av ein annan karakter er samarbeidet – om ein kan kalle det det – med Judee Sill (1944–1979). Filmskaparane bak Lost Angel: The Genius of Judee Sill (2022) tok kontakt med Meek og bad han tonesetje ein tekst som var igjen etter henne, gøymd bort på siste side i ei gammal notatbok. Med «The Rainbow» har Meek løyst oppgåva på elegant vis, slik at låten får fram dei store kvalitetane som kjenneteikna låtskrivarkunsten til Sill – ei passande avslutning for Haunted Mountain, som bør vere vel verd å sjekke ut for langt fleire enn Big Thief-fansen.
Haunted Mountain kjem ut neste fredag. Buck Meek spelar i Oslo i morgon kveld.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.