Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Frå Frans av Assisi til AC/DC 

Haustens plater frå Strand of Oaks og The Felice Brothers er medvitne om rotfesta dei har i tradisjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Timothy Showalter syng om John Prine på det nyaste albumet til Strand of Oaks.

Pressefoto

3446
20211001
3446
20211001

Rock

Strand of Oaks:

In Heaven

Thirty Tigers / Border

Rock

The Felice Brothers:

From Dream to Dust

Yep Rock / Border

Kven er denne John som Timothy Showalter syng om på «Somewhere in Chicago», ein av songane på det ferske Strand of Oaks-albumet In Heaven? Det kjennest litt risikabelt når tekst, melodi og framføring tyder på at det er ingen ringare enn sjølvaste John Prine (1946–2020).

Ein slik gest kan fort verte ganske klein. Å syngje ein song til ein av dei største låtskrivarane, bør ein ikkje då skru saman ein rimeleg bra låt? Men så balanserer det ganske så fint når vi følgjer Prine gjennom gatene i Chicago, i delstaten Illinois, der han voks opp. Eg er glad for at Showalter hadde mot til det. 

Eit par år har gått sidan Eraserland, der Strand of Oaks hadde med seg My Morning Jacket på ein heisatur inn i den klassiske rockens tropar og grep, i ekstatiske spor som «Forever Chords». Eit par musikarar frå bandet er med denne gongen òg.

Jimi og katten

At Showalter igjen skriv seg inn i ein tradisjon, og nikkar og bukkar til denne, er ikkje berre tydeleg med avstikkaren til Chicago. Han er lettare på foten på In Heaven enn sist, med ein meir popprega lydproduksjon, som uunngåeleg vil få fleire (ikkje minst i min generasjon) til å tenkje på Jeff Lynne (lytt til dømes til opningssporet «Galacticana»).

Synthen har fått ein meir markant plass i lydbiletet og tilfører uttrykket noko eterisk, som på fine, kassegitardrivne «Horses at Night». Det viser seg elles etter kvart at ikkje berre Prine heimsøkjer In Heaven. Som tittelen lovar, løftar Showalter blikket mot himmelen, og der får han auge på både katten sin, Stan, og Jimi Hendrix, og plasserer dei to saman i ein draum i «Jimi and Stan» – ein konstellasjon utanom det vanlege. Dei som ikkje lenger er mellom oss, spelar ei sentral rolle på In Heaven.  

Strand of Oaks skrur ikkje frå kvarandre alt og byggjer det på nytt, så det er ikkje originaliteten som vil trekkje folk til dette albumet. Men Showalter kjenner tradisjonen han skriv seg inn, og veit korleis han skal byggje sitt eige hus i det musikalske nabolaget han vil halde til i. 

Humoristiske rim

Det kan ein også seie om The Felice Brothers, som kom ut med From Dreams to Dust for eit par veker sidan. Eg har sett pris på fleire av platene til denne gjengen frå nordre del av delstaten New York, og har løfta fram eit par av dei på desse sidene, men eg kan ikkje hugse å ha høyrt dei i betre form enn her. Aldri har vel Ian Felices songpoesi hatt friare flyt, men likevel vore meir skarp og presis, og dei høgst reelle ekkoa frå både Dylan og The Band på 1960-talet (og ikkje minst The Basement Tapes) er aldri forserte – til det går det føre seg for mykje anna her.

Humor har desse folka også. Fleire gonger må eg kneggje til Felices rim, som sjeldan er slitne, med sine konstellasjonar av ord og frasar på tvers av tid og rom («St. Francis of Assisi» rimar på «AC/DC», men eg vil tru dette er første gong dei to namna vert kopla saman). Avslutningssporet «We Shall Live Again» er heilt framifrå, ein uredd, likefram vri på Seegers folkhymne, med eit glimt i auget som likevel ikkje heilt maktar å hindre tåra frå å komme fram i augekroken, når alt kjem til alt. Stort meir kan ein ikkje be om.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis