JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kraftig kost

Stjernecellisten Gautier Capuçon var god,
men ikkje alltid strålande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gautier Capuçon (t.v.) i kjend positur i Håkonshallen, akkompagnert av Kim Bernard.

Foto: Johanne Karlsrud

3695
20230602
3695
20230602

Festspelkonsert

Robert Schumann, Johannes Brahms, Edvard Grieg:

Cellosonatar

Gautier Capuçon, cello; Kim Bernard, klaver.
Håkonshallen, måndag 29. mai

Den mellomalderlege Håkons­hallen blir hyppig nytta under årets Festspillene i Bergen. Akustikken her er godt eigna for kammermusikkframføringar, men berre om der er nok folk i salen, noko som dempar etterklangen. Dei kvassaste lydane blir då avrunda, medan detaljane i pianissimopartia framleis kan høyrast tydeleg.

Måndag var hallen verkeleg fylt med folk. Den franske cellisten Gautier Capucon blei då akkompagnert av den unge landsmannen Kim Bernard. Repertoaret var solid og tradisjonelt, med tre velprøvde romantikarar som blei spelte i rekkjefylgje etter alder.

Schumann

Denne framføringsrekkefylgja fungerte fint. Konserten opna med den kompositorisk minst ambisiøse komposisjonen: Adagio og allegro i Ass-dur, op. 70, som tyskaren Robert Schumann (1810–1856) på sin typiske raptusmaner skreiv i løpet av berre fem dagar i 1849. Stykket er eigentleg tiltenkt klaver og horn, men komponisten noterte at cello kunne nyttast ad libitum (i staden for horn).

Fyrstesatsen er den som minst utnyttar celloens tekniske og klanglege kapasitetar. Sjølv om Capucon gjorde sitt beste for å bera fram vide og songlege melodiliner (også optisk, gjennom veldige bogerørsler og kast med luggen), fungerte det berre halvvegs. Den snøgge andresatsen lét betre. Her var det fint samspel mellom musikarane.

Men også her hadde eg ei kjensle av at berre den øvre halvparten av celloregisteret fekk klinga. Dette har med Schumanns komposisjonsmåte å gjera, ikkje med musikarane: Det var dårleg balanse mellom cello og klaver. Eg fekk assosiasjonar til ein tenor som blir tvinga til å synga ei altstemme. At klaveret gjennomgåande klang for sterkt, gjorde det ikkje betre.

Brahms

Forløysande var difor tyske Johannes Brahms’ (1833–1897) Cellosonate nr. 1 i e-moll, op. 38. Stykket frå byrjinga av 1860-åra tek til med ein vemodig melodi i celloens djupn, som i løpet av innleiinga kryp stadig høgare i registeret. Endeleg – her kom heile klangspektrumet til uttrykk.

Breie bogestrok og feit vibrato prega Capucons spel. Dette i kontrast til den perlande artikulasjonen til Bernard, som etter min smak inntok ei for audmjuk akkompagnatørrolle. Både i fyrste og andre sats kunne han med fordel ha gripe kraftigare i klaviaturet, for Brahms har komponert ein klaverpart som i pregnans ikkje står attende for cellostemma.

Men i sistesatsen var Bernard på hogget: Satsen er forma som ein slags fuge med eit markant tema som Brahms har «lånt» frå J.S. Bachs Kunst der Fuge. Frasane er her stutte, dei melodiske motiva blir kasta mellom stemmene i tett imitasjon, og det er som om cellisten og pianisten bit kvarandre i halen i hektisk runddans. Bernards artikulatoriske nyansar var meir interessante enn dei til Capucon, som måla med litt for brei pensel.

Grieg

Framføringa av sistesatsen i Brahms’ sonate var høgdepunktet denne kvelden. Men tolkinga av Edvard Griegs (1843–1907) kraftfulle Cellosonate i a-moll, op. 36, hadde òg parti med schwung. Bernard briljerte i fyrstesatsen, til tider var det mest som om han hadde Capucon på slep. Generelt lyt det seiast at Capucon teatralske gestar på scena ikkje samsvarte med det klingande resultatet.

Sistesatsen med Grieg hissige hallingrytmar lét strålande. Men hadde det berre enda der: Ekstranummeret med Camille Saint-Saëns’ sukkersøte «Svana» kunne dei spart oss for. Etter ein dryg komlemiddag orkar ein ingen konfekt.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis