Surt og slurvete
Fabio Biondis solokonsert på Troldhaugen var ein formidabel nedtur.
Fabio Biondi under intimkonserten i Griegs villa på Troldhaugen.
Foto: Thor Brødreskift
Les også
Framsyninga syner korleis Canan (Hina Zaidi) blir møtt då ho byrjar på ungdomsskulen.
Foto: Marte Moen Blomstereng
Om blikk kunne drepe
Les også
Isabelle Faust som solist med Akademie für Alte Musik Berlin i Håkonshallen.
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
Froskekonsert
Les også
Gautier Capuçon (t.v.) i kjend positur i Håkonshallen, akkompagnert av Kim Bernard.
Foto: Johanne Karlsrud
Kraftig kost
Les også
Ingrid Søfteland Neset som solist i Ørbecks «Pastorale og allegro for fløyte og strykeorkester».
Foto: Johanne Karlsrud
Sjeldne tonar

Festspelkonsert
Johan Helmich Roman:
Assaggi à violino solo
Fabio Biondi, barokkfiolin
Griegs villa på Troldhaugen, fredag 2. juni
Sicilianaren Fabio Biondi var frå 2005 til 2016 tidlegmusikkdirigent for Stavanger Symfoniorkester. Han greidde å gjera dette til det beste norske symfoniorkesteret på barokkmusikk. Mest kjend er han for stiftinga av Europa Galante (som gav konsert under Festspillene 1. juni). Dette barokkorkesteret har sidan 1990 gjeve ut nærare 60 album.
Biondis preferanse har alltid vore det italienske repertoaret, som han meistrar suverent, særleg musikken til Vivaldi, A. Scarlatti, Pergolesi og Corelli. Men han står òg bak ypparlege innspelingar av «utanlandske» komponistar som komponerte i italiensk stil, fyrst og fremst Händel.
Intimkonsert
Heilt sidan eg byrja å interessera meg for tidlegmusikk, har Biondi vore ein helt for meg. Dei høge tempoa, den lette og transparente strykarklangen, den improviserande tilnærminga – slikt særmerkjer innspelingane hans. Men eg har aldri opplevd han på konsert, heller aldri høyrt han spela heilt åleine.
Dette fekk eg høve til på Troldhaugen førre fredag. Intimkonserten verka som ei sjeldan perle under årets festspel, også når det galt repertoaret. For kor ofte får me høyra svensk barokkmusikk i Bergen?
Men – konserten blei ein skikkeleg nedtur. Ikkje av di eg hamna bak eit forheng mellom dei to stovene i villaen og berre skimta Biondis venstrehand på fiolinhalsen. (Slikt hender når ein kjem i siste liten på Troldhaugen-konsert, der seta ikkje er nummererte.) Nei, det største problemet var at han spelte surt, frå fyrste stund av, noko som ikkje betra seg utover i den timelange seansen.
Sveriges Händel
Johan Helmich Roman (1684–1758) går for å vera «den svenske musikkens far». Han var den fyrste framståande komponisten i landet, og som hoffkapellmeister fekk han i stand dei fyrste offentlege konsertane i Stockholm. «Den svenske Händel» blir han òg kalla, for medan Roman budde i London, spelte han nemleg i Händels orkester. Mange av komposisjonane har ein umiskjenneleg «händelsk» svip, sjølv om dei er harmonisk enklare, med meir galant melodikk.
Det galante pregar hans Assaggi à violino solo, ei samling soloverk for fiolin, som truleg blei til i 1730-åra. Omgrepet assaggio har eg ikkje sett nytta i musikksamanheng før, men ifylgje italienskordboka tyder det «smakebit», «prøve» eller «døme». (Hadde Festspillene spandert eit skikkeleg konsertprogramhefte på oss, ville gåta truleg vore løyst.) Uansett: Eg vil karakterisera stykka som ein slags fantasiar, samansette av stutte, kontrasterande avsnitt med alt frå preludium til dansesatsar.
Slurvete
Komposisjonane er interessante. Dei er påhittsame, somme gonger eksentriske og dessutan godt tilpassa fiolinens teknikk. Men sjølv for trente øyro var det vanskeleg å få skikkeleg grep om musikken. Biondi spelte nemleg med så slurven artikulasjon, ustabil puls og planlaus frasering at det var vanskeleg å fylgja han.
I fortissimo-partia fanst der stundom reminisensar av den sterke og klåre bogeføringa eg kjenner frå orkesterinnspelingane hans. Men altfor ofte mangla tonen kropp. I pianissimo klang det så ullent og vagt at eg stussa på om instrumentet hans var i orden.
Men Biondi stussa ikkje. Han peiste på: bomma på topptonar, skvisa akkordane som sitronar og slumsa seg gjennom den eine kvikke tiraden etter den andre. Det var vondt å sjå ei stjerne falla på denne måten.
Enkelte lyspunkt fanst likevel. Somme av dei rolege satsane hadde schwung, til dømes «grave»-delen i Assaggio i c-moll, som Biondi framførte med ouvertureaktig spenst. Akkordane i opninga av Assaggio i A-dur var òg fine, utførte med karakteristisk nonchalant gestus. Men når intonasjonen ikkje stemmer, blir bismaken for sterk. Ingen ting kling surare enn ein sur fiolin.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Fabio Biondi spelte surt frå fyrste stund av.»
Sjur Haga Bringeland
Les også
Framsyninga syner korleis Canan (Hina Zaidi) blir møtt då ho byrjar på ungdomsskulen.
Foto: Marte Moen Blomstereng
Om blikk kunne drepe
Les også
Isabelle Faust som solist med Akademie für Alte Musik Berlin i Håkonshallen.
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
Froskekonsert
Les også
Gautier Capuçon (t.v.) i kjend positur i Håkonshallen, akkompagnert av Kim Bernard.
Foto: Johanne Karlsrud
Kraftig kost
Les også
Ingrid Søfteland Neset som solist i Ørbecks «Pastorale og allegro for fløyte og strykeorkester».
Foto: Johanne Karlsrud
Sjeldne tonar
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.