Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Livet er ein liten vits

Amigo the Devil skyr ikkje unna galgenhumor i musikken sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Danny Kiranos skjuler seg bak artistnamnet Amigo the Devil.

Pressefoto

2517
20181123
2517
20181123

Rock

Amigo the Devil:

Everything is Fine

Regime Music Group

«Life is a joke,» syng Amigo the Devil i den åttande låten på ferske, ironisk titulerte Everything is Fine, «and death is the punchline».

Eit slikt svartsyn gjer seg ikkje gjeldande berre i songen med den talande tittelen «Hungover in Jonestown», men her, som i mykje av det andre materialet på albumet, finst det små, umiskjennelege dosar med mørk humor også.

Vik ikkje

At mørk humor er ein vesentleg ingrediens, vart også tydeleg då eg høyrde Danny Kiranos – mannen som skjuler seg bak artistnamnet Amigo the Devil – i Nashville-klubben Mercy Lounge førre veke. Gøymt i den gotiske rockens tidvise nihilisme ligg det ein eigen katarsis. Folk i salen tralla med på «lalala» i «Hungover in Jonestown», og Kiranos-gjengangaren «I Hope Your Husband Dies» kalla fram allsong. Mellom den skjeggete og langhåra Kiranos’ mange tatoveringar kunne vi sjå ein øldrikkande Gud utstyrt med ein iPod.

Everything is Fine er ein ganske dempa affære, men ikkje akkurat blodfattig, trass i det relativt høge blodtapet i songane. På plata, som på scenen, løftar Amigo the Devil fram ein banjo, og han stirer deg hardt i auga med songar som ikkje vik blikket. Opningssporet «Cocaine and Abel» er klassisk eksistensiell americana, med anger, mismot og lengt etter forsoning som sentrale motiv.

Solid låtmakar

Dabby Kiranos er ein solid singer-songwriter, og gjer det meste sjølv, medan enkelte musikarar gjestar på bass, trommer og slidegitar. Når dei dirrande, elektriske gitarane får følgje i lagnadstunge «You’re Perfect Too», er det av ein kledeleg mariachiaktig trompet ved Matt Mattera. Fem av spora er styrkte med ein strykekvartett.

Ein song som «Preacher Feature» kler seg ut som countryballade i Cash-terrenget, og i «The Dreamer» kling Hank Williams’ monumentale einsemd med i verselinene. Kiranos har fortalt i intervju at han kjøpte banjoen etter eit innfall i fylla, nesten som ein vits. Etter den natta fann han ein ny veg inn i musikken.

Vi er langt utanfor allfarveg når vi finn fram til Everything is Fine, men det er også noko av det som gjer plata forfriskande – dette er songar som har blitt til over tid, og Kiranos er ganske kompromisslaus i sin eigen vri på nokre av folktradisjonens mørkaste forteljingar og tropar. Så får heller dei meir veikhjarta lyttarane der ute setje på noko anna.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis