Slepp ikkje taket
Aldous Harding lagar snurrige, originale, uføreseielege og elegante songar.
Aldous Harding kjem med nytt album fredag 25. mars.
Pressefoto
Rock
Aldous Harding:
Warm Chris
4AD / Playground
Det er herleg, opningssporet på Aldous Hardings nye album Warm Chris, for kven innleier ei plate med ein vimsete, uutgrundeleg, men akk så kul låt titulert «Ennui»? Ordbøkene vil fortelje deg at ordet peikar mot ei sløv, utilfreds kjensle av at ein ikkje har noko å gjere og manglar interesse for det meste.
Keisemd, altså, heilt i anslaget, men Hardings songar er det motsette av keisame. Dei er snurrige, originale, uføreseielege og elegante. Eg lyttar og frydar meg over dei stadig nye vegane Warm Chris fører meg, ei plate som saktens skal få mange rundar på spelaren framover våren.
Harding, som eigentleg heiter Hannah Topp, er frå New Zealand, men har budd i Wales i nokre år no, og dette er hennar fjerde studioplate. Eg skreiv først om henne på desse sidene etter at debuten Aldous Harding (2014) kom ut, ei plate ho produserte i lag med landsmannen Marlon Williams, som gjorde det tydeleg at det her dreidde seg om ein markant låtskrivar og ein vokalist med eigenart.
Sparsamt folkuttrykk
Då eg nyleg lytta til songane igjen, vart eg slegen av kor tydeleg dei plasserer seg i eit sparsamt folkuttrykk. «Stop Your Tears», til dømes, let ikkje ekkotunge vokalharmoniar (ved Williams) skugge for ei enkel klimpring på ein kassegitar eller den særeigne røysta til Harding, som gir assosiasjonar til ein songar som Karen Dalton. Uttrykket rommar både det vevre og det melodramatiske, med eit umiskjenneleg alvor.
Store sprang
På platene som har følgt, Party (2017) og særleg Designer (2019), har registeret vorte langt større, ei utvikling som held fram med Warm Chris, eit knippe leikne, nyfikne songar, som kvar og ein sniffar seg fram til sin eigen identitet.
Dette inneber ein del store sprang, der det stadig er ei ny røyst som leier oss inn i ei ny stemning og eit annleis sjangerlandskap – høyr berre på overgangen frå tittelsporet til den distré, lette «Lawn» og vegen vidare inn i «Passion Babe».
Det er som om Harding har gått frå å fungere som forteljar til å fungere som skodespelar, for her er det mange maskeskifte, det rår ein annan performativitet i måten ho framfører det nye materialet på.
John Parish er nok ein gong med, slik han også var det på dei to førre platene, ein produsent og kvalitetsgarantist somme lesarar nok vil kjenne frå samarbeidet med PJ Harvey.
For dei som skulle på konsert med Harding på Sentrum Scene i Oslo neste veke, er det skuffande at konserten er flytta til april 2023, men Warm Chris kjem ikkje til å ha sleppt taket neste vår heller.
Warm Chris kjem ut fredag 25. mars.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»