JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Trippel marsjetakt

Duoen frå Dar-Es-Salaam ringer langhelga inn i høgt tempo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1935
20240516
1935
20240516

Elektronisk musikk

Sisso og Maiko:

Singeli Ya Maajabu

Nyege Nyege Tapes

I dag skriv vi 16. mai. Russen skvakkar i berg og nord, og hjuringen – russebussjåføren er vel ein slags hyrding – blæs i horn. Subbasshorna buldrar kraftigare for kvart år som går; det dirrar i fjellet (faktisk). I morgon kjem sjølvaste 17. mai, du skjønne milde, og vi skal alle saman ete krone-is og pølse i brød. I pinsa, den mest psykedeliske blant kristne høgtider, startar underteikna sitt femte tiår på jordi. Party time! som det heiter på godt norsk.

Eg var ikkje russ, så brorparten av min kjennskap til russehitar kjem frå russebussane som rullar gjennom Nittedal kvart år på denne tida, eit sikkert vårteikn. Andre former for fest- og dansemusikk har eg derimot god peiling på. Eg skal la janitsjaren stå for den tradisjonelle marsjen og rette merksemda mot den afrikanske dansemusikksjangeren singeli, som fort kan gå om lag tre gonger så fort.

Det tutar og går frå start: Opningssporet «Chuma» kallar til dans i gatene med horn og trommer; tredje låt, «Uhondo», kunne passe som lydspor til opptakten til sluttspelet i eit dramatisk eggekampslag. «Kiboko» tar energien ned nokre hakk med sin utbroderte dissonans og mangefasetterte kakofoni, og det tilsynelatande uorganiserte tonale ljodbiletet manar fram bilete av sjanglande trinn langs sleipe bussvegg-til-bussvegg-teppe.

«Mangvale» signaliserer den ambivalente opplevinga av soloppgangen når det er så seint at det er tidleg, og herifrå vekslar musikken mellom galopperande hesteskokast og snublande sekkeløp, ein hamnar midt i drillkorpset, apostlane talar i tunger, kasteknallet fyk, pølsesennepen flyt, lykkehjulet spinn og krone-isen smeltar. Denne hektiske plata er ein plausibel profeti om det som står føre oss. God langhelg!

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis