Verda smeltar
Julia Holter held fram med å gå sine eigne vegar.
Julia Holter er ute med album nummer fem.
Pressefoto
Kunstpop
Julia Holter:
Aviary
Domino / Playground
Korleis står det til med menneskesinnet i ei verd som smeltar? Går det an å skildre det i ord og tonar? Det er i alle fall verdt eit forsøk, meiner Julia Holter, som omtaler den nye plata Aviary som «the cacophony of the mind in a melting world».
Fleire lesarar vil kjenne Holters ambisiøse plateproduksjonar, sist Have You In My Wilderness (2015) – også meld på desse sidene. Kvart album er eit gjennomtenkt, konseptuelt orientert verk som vekslar mellom komplekse låtstrukturar og ganske «rett på» – om enn sofistikert arrangerte – popsongar.
Inspirasjon
Utgangspunktet for Aviary er typisk Holter. Eit sitat frå ei novelle (2009) av den libanesisk-amerikanske forfattaren Etel Adnan har inspirert tittelen: «I found myself in an aviary full of shrieking birds.»
For Holter er eit slikt fuglehus ein passande metafor for den larmande verda ho ser rundt seg i 2018, som skrik mot henne med politiske skandalar og naturkatastrofar – ein ofte desorienterande, splittande kakofoni.
Tett på
Mot denne framandgjerande kjensla står ein musikk som eksplisitt appellerer til det menneskelege i oss. Slik, kan ein seie, er Holters etikk, han får form i eit musikalsk uttrykk som uredd dreg frå vidt forskjellige kjelder, der nye samanhengar oppstår, mellom det stringente i den klassiske musikktradisjonen, det frie i jazzen og idérikdommen i både den klassiske litteraturarven (Dante) og den rikt tilgjengelege globale litteraturen frå vår eiga tid (Adnan).
Mannskapet på Aviary er tett på Holter: Her er Corey Fogel på perkusjon, og med sitt virtuose basspel kan Devin Hoff minne om bassisten vi kjenner frå så mange Kate Bush-plater – ein viktig referanse i Holters katalog, og også her, som i ein låt som «Words I Heard» – nemleg John Giblin.
Holters synthar blandar seg fint med eit markant strykeensemble, med Dina Maccabee på fiolin, bratsj og vokal, Sarah Belle Reid på fiolin, Andrew Tholl på fiolin. Tashi Wada er også med – på både synth og sekkepipe. (Høyr til dømes på «I Shall Love 1».)
Aviary er nær, for så å opne opp for ein høgare himmel, og for dei som tek ein lytt, men i første omgang synest det er for sært, har eg berre ein ting å seie: Prøv éin gong til – og prøv litt hardare.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida