Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Prisutdeling og live allkunstteater

Sparket mot familiekonvensjonar er fargerikt, men er det teater?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ibsenprisvinnar Taylor Mac i framsyninga si.

Foto: Nationaltheatret

2362
20201218
2362
20201218

Nationaltheatret

Taylor Mac:

Holiday Sauce – Pandemic

Strøymd frå New York

Sist laurdag vart altså Den internasjonale Ibsen-prisen, som den norske regjeringa etablerte i 2008, overrekt virtuelt frå Nationaltheatret til New York i ei livesending. Anne Lindmo innleidde prisutdelinga i ein times program saman med komitéleiar Ingrid Lorentzen og teatersjef Hanne Tømta.

Det vart mykje panegyrikk tileigna vinnaren, den overmåte mangesidige kunstnaren Taylor Mac, som er både skodespelar, dramatikar, dragartist, songar og komponist. Innleiingssendinga vart òg krydra med to vakre songleg-musikalske innslag frå Nils Bech.

Satirisk brodd

Ser ein på merittlista til Taylor Mac og kva som synest vere det kunstnarlege ærendet hans, er det ingen grunn til å tvile på at prisen er fortent. Han har openbert makta å handsame dei tradisjonelle omgrepa for teater og musikk på ein personleg og original måte. Han skjøner tida han lever i, og finn den rette satiriske brodden for å skildre nett det.

Så er berre spørsmålet om framsyninga som vart strøymd i samband med prisutdelinga, gav den fullgode kvitteringa for prisen.

Damene Lindmo, Lorentzen og Tømte tykte heilt klårt det, ut frå det vi fekk sjå og høyre av dei etterpå. Festleg, fargerikt og musikalsk var det òg, absolutt. Det spørst likevel om vi alle er fullt så overtydde av dette dømet.

Som musikkvideo

Dragshoweffekten som ramme rundt ei satirisk framsyning verkar ikkje, oppriktig talt, så svært teatralt fornyande i 2020. Og trass i alle gode, intelligente poeng og morosame på-hovudet-vinklingar av omgrepa jul, familie, vennskap, kjønn og identitet, ja, for ikkje å gløyme den flotte musikken, skal det ganske mykje til for at vi skal tykkje ei framsyning og ein scenekunstnar opnar «nye dimensjonar til teaterkunsten», som Lorentzen erklærte det.

Framsyninga Holiday Sauce – Pandemic framstod, slik ho vart formidla her, mest som ein times musikkvideo. (Ja orsak, men det var i alle høve ikkje langt ifrå.) Eg kjenner meg ganske viss på at Taylor Mac har gjort andre ting som formmessig har verka langt meir idérikt og utfordrande enn dette. For det er vel ikkje det vi skal ta til oss som nyskapande teater – videocollage?

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis