Ungdomen no til dags
Ny norsk ungdomsfilm blandar det trygge og trauste med friskt og søtt.
Frida er ein frikar, mendan Marius er ein flink og grei gut på alle vis.
Foto: Norsk Filmdistribusjon / Ape&Bjørn
Drama
Regi: Martin Lund
Psychobitch
Med: Jonas Tidemann, Elli Rhiannon Müller Osbourne, Henrik Rafaelsen
Marius (Tidemann) går siste året på ungdomsskulen på Gjøvik. Han er ein flink og grei gut på alle plan: skarp på skulen, rask i skisporet og snill med medelevane. Frida (Osbourne) er ein frikar. Ho skulkar og skrik. Læraren vil at Martin skal hjelpe henne med å jobbe to og to. Kan Marius fikse Frida, eller får ho fram ein fri kar i han? Det byrjar med bråk, men motsetningar trekker mot kvarandre.
Takta
Stilistisk finst her ingen krumspring. Regissør Martin Lund har lagt seg på ei trygg tilnærming til temaet. Resultatet er ein vanleg ungdomsfilm, med mindre kunstnariske ambisjonar enn for eksempel nydelege Natt til 17. av Eirik Svensson. Lund byd på den kjende meldinga til ungdomen om at ein skal vere den ein er, og at det er greitt å skilje seg ut. Elles får han med mange gode poeng og nyansar. Filmen er forfriskande fri for skurkar.
Vi ser kor einsam ein kan vere i ein flokk full av stønad og ros. Ei freidig scene illustrerer kor kvelande ein kondomdress med norske flagg kan vere for langrennsgutar i generasjon prestasjon. Eit humoristisk høgdepunkt er då Marius kjeftar på far sin fordi han støtt får skryt. Faren famlar flau. Lund viste òg med Meir eller mindre mann at han likar pinlege situasjonar. Slike er Marius livredd for, som tenåringar flest, medan frekke Frida klagar på at han alltid gjer det ein burde. Nokre gonger er det godt å vere heilt ute av takt, sjølv om filmspråket står meir i stil med den konforme hovudpersonen enn med bodskapen.
Tida
Ikkje alt skodespelet er like stødig, men dei to hovudrollene har nok å fare med til å bere filmen. Figurane er truverdige og sympatiske, gjerne gjennomtenkte, men òg feige og redde. Dei er heilt vanleg ungdom av vår tid, utan skrekkeksempel eller heltar. Tidsriktig musikk av Emir og Sigrid spritar opp stemninga.
Psychobitch er ein søt film med enkelte veikskapar, men med friske element og sjarm. Ungdomen no til dags er ikkje verst. Det er ikkje denne filmen heller.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje alt skodespelet er like stødig, men dei to hovudrollene har nok å fare med til å bere filmen.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida