Foto: Paul Kleiven / NTB
0–6 rette: Håper det vert fleire spikrar å koke suppe på neste veke. Lukke til!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna kokte bort i kålen.
10–15 rette: Ja, her var det god kok. Det er lov å koke kaffi som premie.
16–20 rette: Det koker som regel ned til rett svar. Framifrå!
21 rette: Held koken med alt quizmeisteren koker i hop. La det koke over i e-posten!

1. Norges Blindeforbund og Norges Døveforbund er to av organisasjonane som inntil nyleg hadde denne gifteklare personen som beskyttar. Kven er det?
2. I Drammen finn me Noregs eldste bryggjeri, etablert i 1834. Kva heiter det?
3. Sett eggleiarane, eggstokkane og livmora i rett rekkjefylgje frå nærast skjeden og innover.
4. I kva by vart Inger Hagerup fødd, som Inger Johanne Halsør? Svaret kan vere overraskande når ein tenkjer på dialekt.
5. Kven, som høyrer inn under LO, omtalar seg som «det største forbundet for tilsette i staten og verksemder med offentleg tilknyting»? Dei har drygt 50.000 medlemmer.
6. Over til herrefotball. Kva for eit land arrangerte VM i 1954 og var ein av to EM-arrangørar i 2008?
7. Kva er Shawshank i filmen The Shawshank Redemption? Eitt ord held som svar.
8. Kva arkitekt teikna Aukrustsenteret, som no heiter Huset Aukrust? Han gjorde det med Henrik Hille som assistent.
9. Kvitmaure er ein av særs få norske planter som kan nyttast til kva? Presisjonsnivå: Ikkje svar så generelt at planten vaid har same bruksområde.
10. I løpet av november passerer folketalet på jorda kva milepåle?
11. Kva heiter selskapet Thetfords serie med berbare toalett? Ole Ivars har med produktnamnet i songen «Kongen av campingplassen».
12. Du og eg lever i kva geologisk periode?
13. Kva person i Bibelen hadde slaven Onesimus, som Paulus fokuserer på i brevet til denne personen?
14. Kor lenge var Røros koparverk i drift? Rund av svaret 33 år nedover, altså til næraste hundre.
15. Sett inn den rette av dei fire himmelretningane: Tigray, som har vore i krig med staten, er delstaten lengst mot (…) i Etiopia.
16. Eit av Kinas mest kjende musikkinstrument er ein tostrenga fiolin. Kva namn på e har denne?
17. Kva for eit land var den rikaste og mest industrialiserte delen av Jugoslavia då det vart sjølvstendig i 1991?
18. Kva er den største innsjøen i areal på Vestlandet?
19. I kva sport har laget 15 spelarar på banen om gongen i varianten union, men 13 i varianten league og berre 7 i varianten ein har i sommar-OL?
20. Kva er den høgaste lovlege farten på norske vegar? Då tel me ikkje med prøveordningar.
21. Stridsluren til kong Sverre, eit tidlegare landsmålsblad, eit tidlegare forsikringsselskap og ikkje minst eit verk av Jon Fosse. Kva nynorsk adjektiv for søvnlaus skal me fram til?
Svar på spørsmåla:
1. Prinsesse Märtha Louise
2. Aass Bryggeri
3. Livmora, eggleiarane, eggstokkane
4. Bergen
5. Norsk Tjenestemannslag
6. Sveits
7. Eit fengsel
8. Sverre Fehn
9. Raudfarging (Poenget er å ha med rett farge. Vaid vert nytta til blåfarging.)
10. Åtte milliardar
11. Porta Potti
12. Kvartær
13. Filemon
14. 300 år (Åra er 1644–1977.)
15. Nord
16. Erhu
17. Slovenia
18. Hornindalsvatnet
19. Rugby
20. 110 kilometer i timen
21. Andvake
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida