Arkivet: Jazzfest i 50 år
Denne vårens New Orleans Jazz & Heritage Festival var ei jubileumsutgåve, for no har festivalen gått av stabelen i eit halvt hundreår. Nesten ein halv million menneske var med i Louisiana i mai, men for alle oss som ikkje kunne ta turen til denne omfangsrike musikkfesten, er den nye boksen frå Smithsonian Folkways, Jazz Fest: The New Orleans Jazz & Heritage Festival, ei herleg trøyst.
Det dreier seg om ei fargesprakande sak, med ei fin bok og heile fem diskar flott innpakka. Som Tom Moon i NPR seier i ein omtale av utgivinga: Å orientere seg i dette materialet er litt som å vandre rundt på den eklektiske festivalen, der det ofte kokar på fleire plater på ein gong. For på denne boksen er ikkje stoffet organisert etter kronologi, sjanger eller liknande haldepunkt. Slik får også sentrale aktørar – som Dag og Tid-favoritt Allen Toussaint – dukke opp i fleire ulike konfigurasjonar, her og der, akkurat slik det må vere.
Særleg prisverdig er fokuset på det lokale og det regionale. Festivalen har ikkje mangla verkeleg store namn, av typen Springsteen, men dei får boltre seg godt i andre samanhengar enn her. 2019 vart våren då Dr. John gjekk bort – han dukkar sjølvsagt opp her, omgitt av kulturen som skapte han, og som han var med på å skape.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Denne vårens New Orleans Jazz & Heritage Festival var ei jubileumsutgåve, for no har festivalen gått av stabelen i eit halvt hundreår. Nesten ein halv million menneske var med i Louisiana i mai, men for alle oss som ikkje kunne ta turen til denne omfangsrike musikkfesten, er den nye boksen frå Smithsonian Folkways, Jazz Fest: The New Orleans Jazz & Heritage Festival, ei herleg trøyst.
Det dreier seg om ei fargesprakande sak, med ei fin bok og heile fem diskar flott innpakka. Som Tom Moon i NPR seier i ein omtale av utgivinga: Å orientere seg i dette materialet er litt som å vandre rundt på den eklektiske festivalen, der det ofte kokar på fleire plater på ein gong. For på denne boksen er ikkje stoffet organisert etter kronologi, sjanger eller liknande haldepunkt. Slik får også sentrale aktørar – som Dag og Tid-favoritt Allen Toussaint – dukke opp i fleire ulike konfigurasjonar, her og der, akkurat slik det må vere.
Særleg prisverdig er fokuset på det lokale og det regionale. Festivalen har ikkje mangla verkeleg store namn, av typen Springsteen, men dei får boltre seg godt i andre samanhengar enn her. 2019 vart våren då Dr. John gjekk bort – han dukkar sjølvsagt opp her, omgitt av kulturen som skapte han, og som han var med på å skape.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida