Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Miles Davis, 1991

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På YouTube kan ein høyre og sjå Miles Davis på den siste konserten hans.

1407
20210625
1407
20210625

For ganske nøyaktig tretti år sidan no, nærare bestemt 1. juli 1991, gjekk Miles Davis på scenen på den franske festivalen Jazz à Vienne, berre nokre månader før han døydde i september same år. No kjem eit opptak frå konserten ut på plate, med tittelen Merci Miles! Live at Vienne (Rhino).

Eg er litt for ung til å kunne ha fått med meg den segnomspunne nattkonserten Davis hadde berre nokre mil frå der eg voks opp, på jazzfestivalen i Molde, i 1984. Først nokre år seinare oppdaga eg musikken hans for alvor, seint i tenåra, då eg skaffa meg Amandla (1989). 

Opptaket frå Vienne opnar med eit av høgdepunkta derfrå, «Hannibal», før Davis kastar seg ut i to tolkingar av åttitalspopklassikarar, «Human Nature» (opphavleg på Michael Jacksons Thriller, 1982) og «Time After Time» (Cyndi Lauper, 1983), som begge var med på studioalbumet Davis gav ut i 1985, You’re Under Arrest. Her vert begge to inngangar til langstrekte nummer med rikt med improvisasjon, med ei speletid på til saman nesten ein halv time.

Med på Merci Miles! er også to songar av Prince, «Penetration» og «Jailbait», og tittelsporet frå Amandla. Den plata hadde namn etter xhosa- og zulu-ordet for «makt», som fekk ei viktig tyding i kampen mot apartheid. Skaffar du deg plata på dobbelt vinyl eller cd, får du også med ein ny tekst, skriven i samband med utgivinga, av jazzskribenten Ashley Kahn.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For ganske nøyaktig tretti år sidan no, nærare bestemt 1. juli 1991, gjekk Miles Davis på scenen på den franske festivalen Jazz à Vienne, berre nokre månader før han døydde i september same år. No kjem eit opptak frå konserten ut på plate, med tittelen Merci Miles! Live at Vienne (Rhino).

Eg er litt for ung til å kunne ha fått med meg den segnomspunne nattkonserten Davis hadde berre nokre mil frå der eg voks opp, på jazzfestivalen i Molde, i 1984. Først nokre år seinare oppdaga eg musikken hans for alvor, seint i tenåra, då eg skaffa meg Amandla (1989). 

Opptaket frå Vienne opnar med eit av høgdepunkta derfrå, «Hannibal», før Davis kastar seg ut i to tolkingar av åttitalspopklassikarar, «Human Nature» (opphavleg på Michael Jacksons Thriller, 1982) og «Time After Time» (Cyndi Lauper, 1983), som begge var med på studioalbumet Davis gav ut i 1985, You’re Under Arrest. Her vert begge to inngangar til langstrekte nummer med rikt med improvisasjon, med ei speletid på til saman nesten ein halv time.

Med på Merci Miles! er også to songar av Prince, «Penetration» og «Jailbait», og tittelsporet frå Amandla. Den plata hadde namn etter xhosa- og zulu-ordet for «makt», som fekk ei viktig tyding i kampen mot apartheid. Skaffar du deg plata på dobbelt vinyl eller cd, får du også med ein ny tekst, skriven i samband med utgivinga, av jazzskribenten Ashley Kahn.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis