Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Pop + Bowie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1690
20200605
1690
20200605

Det hender plateutgivingar er samanfiltra i kvarandre, fordi dei er uttrykk for kunstnarlege samarbeid som strekkjer seg ut på tvers av eitt enkelt album av ein enkelt artist, og frå og med midten av 1970-åra var dette i høgste grad tilfellet for David Bowie og Iggy Pop.

Sommaren 1976 gjekk dei to i gang med det som skulle verte Pops The Idiot, med Bowie som produsent og musikar. Same haust følgde arbeidet med Bowies Low, saman med mellom andre Brian Eno og Tony Visconti, eit album som kom ut på nyåret 1977 og vart etterfølgt av ein turné på våren der Pop fekk med seg Bowie på tangentar. Etter at siste konsert var overstått, bar det strake vegen tilbake til Hansa Studios i Berlin, der dei gjekk i gang med å spele inn Pops neste album, Lust For Life. Det vart sommar før dei var ferdige, og Bowie bestemte seg for å hente Eno tilbake for å lage Heroes, som kom ut hausten 1977. Produktive år, med andre ord, skildra inngåande i bøker som Tobias Rüthers Heroes – David Bowie and Berlin (2014) og David Sheppards fine Eno-biografi On Some Faraway Beach (2008). 

Musikken frå perioden kjem stadig ut i nye utgåver, seinast med Bowie-boksen A New Career in a New Town (2017), og no gir Pop ut boksen The Bowie Years, med 75 låtar og fem og ein halv time speletid, som inneheld The Idiot, Lust For Life, T.V. Eye 1977 (1978), ei rekkje alternative miksar og nokre konsertopptak frå 1977, frå London, Cleveland og Chicago. Saman utgjer dei to boksane eit massivt kompendium for dei som ønskjer seg total fordjuping og vil lytte seg gjennom det artistane gjorde saman kronologisk – ein fascinerande inngang til albuma Bowie og Pop gav ut under eige namn.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis