Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Roger Waters

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1497
20201002
1497
20201002

Verdsturneen til Roger Waters i 2017–2018 følgde Is This The Life We Really Want? (2017), det første studioalbumet frå den kanten sidan Amused to Death (1992), og ei verkeleg vital utgiving som eg på desse sidene drista meg til å kalle «det beste Pink Floyd-albumet sidan tidleg på 1980-talet». Waters hadde fått med seg Nigel Godrich (Radiohead) som produsent, og sentral var også Jonathan Wilson, som etterpå vart med på turneen, der han tok plassen til gitarist David Gilmour i framføringa av gamle Floyd-klassikarar.

Ein må kunne kalle turneen ein kunstnarleg og kommersiell suksess, med sine 156 konsertar og 2,3 millionar publikummarar. Waters fekk mykje merksemd for det spektakulære, multisensoriske sceneshowet, med si teatralske, markant audiovisuelle utforming.

Eit opptak flimra frå NRK-skjermen i vår ein gong, men no vert konsertfilmen Roger Waters: US + THEM lansert, som plate og som film (med regi av Sean Evans og Waters sjølv). Kanskje vil somme seie at lydsporet knapt trengst, sidan Floyd-skatten alt finst i rikelege versjonar, men dette opptaket kjennest spist og ferskt, og er noko anna enn gammal hermetikk. Ein ny låt som «Picture That» står ikkje tilbake for det gamle materialet, den nye versjonen av «The Great Gig in the Sky» er formidabel og annleis, og «Dogs» er endå betre her enn han var på Animals (1977), ikkje minst takka vere Wilson på vokal og gitar. Sterke saker, altså, frå Waters – som for nokre veker sidan fylte 77 år.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Verdsturneen til Roger Waters i 2017–2018 følgde Is This The Life We Really Want? (2017), det første studioalbumet frå den kanten sidan Amused to Death (1992), og ei verkeleg vital utgiving som eg på desse sidene drista meg til å kalle «det beste Pink Floyd-albumet sidan tidleg på 1980-talet». Waters hadde fått med seg Nigel Godrich (Radiohead) som produsent, og sentral var også Jonathan Wilson, som etterpå vart med på turneen, der han tok plassen til gitarist David Gilmour i framføringa av gamle Floyd-klassikarar.

Ein må kunne kalle turneen ein kunstnarleg og kommersiell suksess, med sine 156 konsertar og 2,3 millionar publikummarar. Waters fekk mykje merksemd for det spektakulære, multisensoriske sceneshowet, med si teatralske, markant audiovisuelle utforming.

Eit opptak flimra frå NRK-skjermen i vår ein gong, men no vert konsertfilmen Roger Waters: US + THEM lansert, som plate og som film (med regi av Sean Evans og Waters sjølv). Kanskje vil somme seie at lydsporet knapt trengst, sidan Floyd-skatten alt finst i rikelege versjonar, men dette opptaket kjennest spist og ferskt, og er noko anna enn gammal hermetikk. Ein ny låt som «Picture That» står ikkje tilbake for det gamle materialet, den nye versjonen av «The Great Gig in the Sky» er formidabel og annleis, og «Dogs» er endå betre her enn han var på Animals (1977), ikkje minst takka vere Wilson på vokal og gitar. Sterke saker, altså, frå Waters – som for nokre veker sidan fylte 77 år.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis